Virginia Water Lake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Virginia Water Lake
Virginia Water Lake -
Stad Berkshire
Koordinatar 51°24′40″N 0°36′10″WKoordinatar: 51°24′40″N 0°36′10″W
Type innsjø Kunstig innsjø
Tilsig Bourne
Utsig Bourne
Tilknytte land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Busetnadar Virginia Water
Fossen i austenden av innsjøen

Virginia Water Lake er ein innsjø sør i Windsor Great Park i soknet Runnymede i Surrey og Old Windsor og Sunninghill and Ascot i Berkshire i England. Han er menneskeskapt og har fått namn etter ein naturleg innsjø med same namn. Landsbyen Virginia Water ligg på austsida av innsjøen.

Virginia Water Lake var opphavleg berre ei lita elv fram til 1600-talet. Innsjøen kan vere kalla opp etter Elizabeth I, jomfrudronninga (Virgin Queen), men dette er ikkje sikkert. Arbeidet med innsjøen starta i 1746 av William, hertug av Cumberland som då var skogsforvaltar i området. Ein veit lite om bygginga av innsjøen, men ein trur at krigsfangar frå dei nylege jakobittaropprøra frå den nærliggande fangeleiren Breakheart Hill, var involvert. Den opphavlege innsjøen var langt mindre enn i dag og vart øydelagd av ein flaum i 1768. I 1780 starta Paul og Thomas Sandby arbeidet med ein langt større innsjø og bygde eit kunstig fossefall, Meadow Pond og Obelisk Pond.

Under den andre verdskrigen vart innsjøen drenert, sidan han var eit landemerke slik at fienden kunne finne Windsor og andre viktige militære mål om natta.

Innsjøen har ein omkrins på rundt 7 km. I nyare tid har innsjøen vorte nytta i fleire scenar av Harry Potter-filmane.

River Bourne fører vatn inn og ut av innsjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]