Visekongedømet Ny-Granada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Virreinato de la Nueva Granada
Visekongedømet Ny-Granada
Vassal

 

 

 

1717–1821
 

 

 

Flagg Våpen
Flagg Våpen
Hovudstad Ikkje spesifisert
Styreform Absolutt monarki, koloni
Historie
 - Oppretta 1717
 - Opphøyrde 1821
Valuta Spansk real

Visekongedømet Ny-Granada (på spansk Virreinato de la Nueva Granada) var namnet på det spanske koloniale territoriet nord i Sør-Amerika frå 1717/1739 til 1819. Det blei oppretta av Felipe V av Spania og dekte stort sett område som i dag tilhøyrer Colombia, Ecuador og Venezuela i tillegg til delar av Guyana, Panama, Venezuela, Trinidad og Tobago og små delar av Brasil og Peru. Hovudstaden i Ny-Granada var Santa Fé de Bogotá og territoriet var styrt av ein visekonge utnemnd av den spanske kongen.

Visekongedømet Ny-Granada blei oppretta i 1717 men avvikla igjen i 1724. Det blei så gjenetablert i 1739.[1] Visekongedømet erstatta blant anna det tidlegare Ny-Granada som fram til 1717 var underlagt visekongedømet i Peru.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hvidtfeldt, Arild. Latin-Amerika. Cappelen. s. 396. ISBN 8202032342.