Vitalisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vitalisme (av lat. vita, liv), filosofisk retning som hevdar at ein ikkje kan forklara den organiske røyndommen reint mekanisk, men på bakgrunn av eksistensen av ei særskilt livskraft («energi», av somme sett som synonymt med «sjel»).

Retninga har røter tilbake til Aristoteles sin naturfilosofi, som med anna danna grunnlaget for vestleg medisin heilt fram til moderne tid. Den såkalla humoralpatologien tok i tråd med dette utgangspunktet i at sjukdom hadde si årsak i endringar i balansen mellom dei fire vevsvæskene (blod, slim, svart og gul galle). Teorien vart utfordra frå renessansen og framover, då ein fekk eit nytt fokus på funksjonane til dei ulike organa istadenfor dei vitale kreftene. Likevel vart element av teorien ståande heilt til eit stykke ut på 1800-talet.

På byrjinga av 1900-talet oppstod neo-vitalismen (ny-vitalismen). Denne retninga er med anna knytt til filosofane Bergson og Nietzsche. Retninga hadde innverknad på kunstnarar og forfattarar som Edvard Munch, Knut Hamsun, Kristofer Uppdal og Gustav Vigeland. Andre som av og til blir rekna som vitalistar er Tarjei Vesaas, Åsmund Sveen, Jakob Sande og Bertrand Besigye.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Livskraft. Vitalismen som kunstnerisk impuls 1900-1930. (Munch-museet)

Jakob Sande og Vitalismen (av Hadle Oftedal Andersen)