Wäinö Aaltonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wäinö Aaltonen

Statsborgarskap Finland
Fødd 8. mars 1894
Karinainen, S:t Mårtens
Død

30. mai 1966 (72 år)
Helsingfors

Yrke kunstmålar, bilethoggar, fotograf, biletkunstnar
Språk finsk
Medlem av Research Council of Finland, Accademia delle Arti del Disegno
Ektefelle Aino Pietiläinen
Born Matti Aaltonen, Maija Aaltonen
Wäinö Aaltonen på Commons

Wäinö Valdemar Aaltonen (8. mars 189430. mai 1966) var ein finsk bilethoggar, som mellom anna har utført statue av idrettsmannen Paavo Nurmi (1924-25), fridomsmonumentet i Nyslott (1935) og enkle portretthovud av mellom andre Jean Sibelius (1935).

Han vart utdanna som målar i Åbo, der det i dag ligg eit Aaltonen-museum. Som skulptør var Aaltonen hovudsakleg sjølvlært. Arbeida hans er formstrenge og prega av klassisk harmoni.

Sommar-OL[endre | endre wikiteksten]

Aaltonen deltok i kunstkonkurranse, avdelng skulptur, under sommar-OL 1948 og 1952.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Wäinö Aaltonen» (på engelsk). Olympedia. Henta 14. april 2023. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kunstartikkelen som har med Finland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.