Waldorfsalat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Waldorfsalat

Waldorfsalat er ein salatrett som typisk blir laga med eple, selleri og valnøtt, blanda med majones og eventuelt krem og servert på salatblad. Andre vanlege ingrediensar er kokt potet, ananas, druer, kylling- eller kalkunkjøt og eventuelt tørka frukt, kål og anna.

Waldorfsalaten vart laga for fyrste gong i 1896 på hotell Waldorf (seinare Waldorf-Astoria) i New York av kjøkkensjef Oskar Tschirky.[1]

Det er vanleg å bruka syrleg eple i salaten, som Granny Smith. I moderne utgåver av salaten kan ein bruka yoghurt (eventuelt rømme eller crème fraîche) som dressing i staden for majones/krem.[1]

Waldorfsalat er med si sur-søte samansetjing populær til kalde og varme kyllingrettar, andre steikte og kokte kjøtrettar, til røykt skinke og til rettar av fugl. I Noreg vert waldorfsalat ofte brukt som tilbehøyr til julemat, men han er òg veleigna til lett, rask sommarmat.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Waldorfsalat

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 The History of WALDORF SALAD, kitchenproject.com