Walther Rathenau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Walter Rathenau (1921)

Walther Rathenau (29. september 186724. juni 1922) var ein tysk industrimann og liberal politikar. Han var tysk attreisingsminister og seinare utanriksminister fram til han vart skoten i eit politisk attentat i 1922.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Rathenau vart fødd i Berlin som son av Emil Rathenau, ein framståande jødisk forretningsmann og grunnleggjar av Allgemeine Elektricitäts-Gesellschaft (AEG). Han studerte fysikk, kjemi og filosofi ved Humboldt-Universität zu Berlin og i Strassburg, og arbeida som ingeniør før han vart medlem av styret i bedrifta til faren. Walther Rathenau var ein leiande industrimann i keisarriket sine seine år og den tidlege Weimarrepublikken. Ein reknar med at Rathenau er modellen for figuren «Arnheim», som skal symbolisere den tyske industrileiaren, i Robert Musil sin roman Der Mann ohne Eigenschaften.

Rathenau var ein av dei leiande tyske jødane som talte for at jødane måtte assimilere seg. Han hevda at jødar burde gå imot både sionisme og sosialisme, og istaden freiste integrere seg i det vanlege tyske samfunnet. Som sefardisk jøde følte han seg òg overlegen austjødane, og uttalte si misnøye over «invasjonen av asiatiske hordar».

Under fyrste verdskrigen arbeidde Rathenau i krigsministeriet med å skaffe råvarer, og vart i tillegg styreleiar for AEG då faren døydde i 1915. Han spelte ein viktig rolle i å få Tyskland sin økonomi i krigstakt, og gjorde ein stor innsats for at landet kunne halde fram med krigen trass i akutt mangel på arbeidskraft og råvarer.

Etter krigen vart den politisk moderate og liberale Rathenau ein av grunnleggjarane av Det tyske demokratiske partiet, DDP. Han tok avstand frå bølgja av sosialistiske idear som strøymde gjennom landet etter sjokket ved nederlaget og den etterfylgjande revolusjonen.

I 1921 vart Rathenau utnemnd til attreisingsminister, og i 1922 vart han Tysklands utanriksminister. Hans insisterte på at Tyskland skulle oppfylle vilkåra i Versaillestraktaten medan ein arbeida for ein revisjon. Dette gjorde tyske nasjonalistar rasande. Han provoserte òg nasjonalistane ved å forhandle om Rapalloavtalen med Sovjetunionen.

Den britiske politikaren Robert Boothby skreiv om Rathenau: «Han var noko berre ein tysk jøde kan vere på ein gong: Ein profet, ein mystikar, ein forfattar, ein statsmann, ein industrimagnat av den høgste og største klasse, og ein pioner for det som no har blitt kjent som 'industriell rasjonalisering'».

Sjølv om Rathenau argumenterte for økonomisk og politisk samarbeid mellom Tyskland og Sovjetunionen, vart han verande sterkt kritisk til Sovjetunionen sitt regime og deira metodar.

Den 24. juni 1922 vart Rathenau myrda av to høgreorienterte offiserar med tilknyting til Organisation Consul i eit attentat. Eit minnesmerke i Berlin-Grünewald minner om brotsverket. Ein av dei som stod bak attentatet var forfattaren Ernst von Salomon.

Walther Rathenau var Edvard Munch sin store mesen i Berlin, og bidrog til gjennombrotet hans der. Eit Munch-portrett av Rathenau er ein del av den faste samlinga på Märkisches Museum i Berlin-Mitte.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • 1908 Reflektionen
  • 1912 Zur Kritik der Zeit
  • 1913 Zur Mechanik des Geistes
  • 1917 Von kommenden Dingen
  • 1918 An Deutschlands Jugend
  • 1919 Die neue Gesellschaft
  • 1919 Der neue Staat
  • 1919 Der Kaiser
  • 1919 Kritik der dreifachen Revolution
  • Gesammelte Schriften in 6 Bänden
  • 1924 Gesammelte Reden
  • 1926 Briefe, 2 Bände
  • 1927 Neue Briefe
  • 1929 Politische Briefe

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Harry Graf Kessler: Walther Rathenau, 1928.
  • D. Felix: Walther Rathenau and the Weimar Republic. The Politics of Reparations, 1971.
  • Ernst Schulin: Walther Rathenau, 1979.
  • Ernst von Salomon: Der Fragebogen, 1951