Wangari Maathai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wangari Maathai

Wangari Muta Maathai (1. april 194025. september 2011) var ein kenyansk miljøvernar og politikar. Ho mottok Nobels fredspris for 2004.

Maathai vart fødd i Nyeri i Kenya. Ho var den første kenyanske kvinna som tok doktorgraden i 1971. Dette kunne skje fordi ho fekk stipend til å studera biologi i USA og Tyskland. Etter at ho la merke til den raske forørkninga i Kenya starta ho Grønt belte-rørsla i 1977. I løpet av fjorten år planta rørsla 30 millionar tre.

Som opposisjonspolitikar med sterkt engasjement for miljøvern og kvinnerettar blei Maathai sett på som farleg for regimet til Daniel arap Moi, og blei fengsla fleire gonger. I 2002 blei Maathai likevel velt inn i det kenyanske parlamentet, og i 2003 blei ho utnemnd til visemiljøvernminister.

Ho har fått ei rekke prisar for arbeidet sitt, til dømes Petra-Kelly-Preis frå Heinrich-Böll-Stiftung og den norske Sofieprisen i 2004. 8. oktober det same året annonserte Nobelkomitéen at ho hadde vunne Nobels fredspris.

Maathai vart diagnostisert for kreft i juli 2010. Ho døydde i Nairobi, der ho fekk behandling for sjukdommen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]