Wells-next-the-Sea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Wells-next-the-Sea

Kaia frå dika
Kaia frå dika
Plassering
Wells-next-the-Sea is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Norfolk
Distrikt North Norfolk
Grunnlagd
Geografi
Flatevidd
 - By

16,31 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)
   - folketettleik

2 451
  150,3 /km²
Koordinatar 52°57′″N 0°51′″EKoordinatar: 52°57′″N 0°51′″E
Diverse annan informasjon
Postnummer NR23
Telefon-retningsnummer 0 1328
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wells-next-the-Sea

Wells-next-the-Sea, lokalt kjent berre som Wells, er ein hamneby og eit verdsleg sokn i Norfolk i England.

Namnet kjem frå dei mange naturlege kjeldane (spring wells) som fanst i området; berre nokre få av desse eksisterer enno. På byrjinga av 1800-talet la ein til next-the-Sea for å skilje byen frå andre stader kalla Wells. Etter at jarnbana kom i 1857 vart det teke i bruk ei kortare form av namnet, Wells-on-Sea, men i 1956 vedtok byrådet å ta tilbake den eldre, lange forma.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg berre omkring halvannen kilometer frå Nordsjøen, og mykje av arealet er sjøområde som er fylla att. Det har vore ei travel hamn der i lang tid, og etter at jarnbana kom vart byen òg eit populært feriestad. Det går ein smalspora jarnbane delar av vegen ut til stranda, langs den halvannen kilometer lange vollen som vernar bilen mot kreftane til havet. Det er tett skog heilt ned til stranda. Den gamle hamna ligg no ved ein ferskvassjø kjent som Abrahams Bosom, som blir brukt til vassport.

Austom stranda ligg eit anna strandområde med skog heilt ned til sjøen. Det er mogleg å gå dit ved lågvatn, men dette er særs farleg på grunn av den raske vekslinga mellom høg- og lågvatn i området, og dei understraumane dette medfører.

Wells ligg omkring 24 km austom Hunstanton, 32 km vest for Cromer og 16 km nord for Fakenham. Blant landsbyar i nærleiken finn ein Blakeney, Burnham Market, Burnham Thorpe (fødestaden til Horatio Nelson), Holkham (med herregarden Holkham Hall) og Walsingham (ein viktig pilegrimsstad i mellomalderen).

Det var tidlegare jernbanesamband via to linjer, men begge er nedlagt. Linja mot King's Lynn vart aldri gjenopna etter omfattande skadar under Nordsjøflaumen i 1953, medan linja til Norwich vart lagt ned under nedskjeringane i 1960-åra.

Redningsbåtkatastrofen[endre | endre wikiteksten]

I 1880 skjedde ein katastrofe utanfor Wells, då elleve av dei tretten i mannskapet på redningsbåten omkom. Dei etterlét seg ti enker og 27 farlause born. Det står eit minnesmerke ved den gamle redningsstasjonen, som no er hamnekontor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wells-next-the-Sea Online Information. Description of Wells-next-the-Sea.