Cromer

Koordinatar: 52°56′N 1°18′E / 52.933°N 1.300°E / 52.933; 1.300
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Cromer

Soknekyrkja for Sankt Peter og Sankt Paulus i Cromer. Kyrkjetårnet er 48 meter høgt.
Soknekyrkja for Sankt Peter og Sankt Paulus i Cromer. Kyrkjetårnet er 48 meter høgt.
Soknekyrkja for Sankt Peter og Sankt Paulus i Cromer. Kyrkjetårnet er 48 meter høgt.
Plassering
Cromer is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Norfolk
Distrikt North Norfolk
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

7 749
Koordinatar 52°56′N 1°18′E / 52.933°N 1.300°E / 52.933; 1.300
Diverse annan informasjon
Postnummer NR27
Telefon-retningsnummer 0 1263
Commons har multimedium som gjeld: Cromer

Cromer er ein kystby og verdsleg sokn i Norfolk, omkring 40 km nord for Norwich. Byen er administrasjonssenter for distriktet North Norfolk.

Cromer er ikkje nemnt i Domesday Book frå 1086, men to andre bustader i området, Shipden-juxta-mere («ved havet») og Shipden-juxta-Felbrigg («ved Felbrigg») står der. Det blir rekna at Cromer ligg der Shipden-juxta-Felbrigg ein gong låg, rundt soknekyrkja vigde til apostlane Peter og Paulus. Den andre Shipden-landsbyen låg omkring 400 meter nordaust for enden av piren i Cromer, ein stad som no ligg under havet. Det var tidlegare markert av holmen Church Rock, som vart sprengt bort etter at eit skip gjekk på han i 1888.

Ved byrjinga av det 1800-talet vart Cromer ein feriestad for rike familiar frå Norwich. I 1883 kom journalisten Clement Scott dit, med støtte frå Great Eastern Railway som hadde lagt jarnbane dit i 1877, og byrja å skrive om området. Artiklane hans i rikspressen og jernbanelinja førte til at det byrja å kome mange vitjande til byen. Scott kalla ein del av kystlinja for Poppyland («Valmuelandet»), ein referanse til store mengder valmuer som veks der. Blomane ein finn i dag er fjerne etterkomarar av opiumsvalmuane som ein gong vart dyrka kommersielt i Norfolk.

Den gamle bygningen for Cromer livbåtstasjon.
Puben Wellinghton.

I 1887 kom endå ei jernbanelinje, og staden vart dermed tilgjengeleg for fleire. Cromer High stasjon er nedlagt, men Cromer Beach stasjon er enno i drift under namnet Cromer. Det var tidlegare direktetog frå London, Manchester, Leicester, Birmingham, Leeds, Peterborough og Sheffield. I dag er det berre eit pendlartog til Norwich som er i drift. Blant vitjande til byen var den framtidige Edvard VII, som likte å spele golf der. På Royal Cromer Golf Club spelar ein framleis om Prince of Wales Cup til minne om kronprinsen.

Byen er kjend for cromerkrabben (Cancer pagurus), som er viktigaste inntektskjelda for dei lokale fiskarane. Langt inn på 1900-talet føregjekk det heilårsfiske i Cromer, med krabbe- og hummarfiske om sommaren, og for det meste torsk om vinteren. Seinare har ein gått over til å fokusere berre på krabbe og hummer. Det er fire butikkar i byen som sel ferske krabbar når båtane kjem inn.

Cromer livbåtstasjon vart opna i 1804 som den første i Norfolk. Fleire av fiskarane til byen utmerkte seg som mannskap på dei to livbåtane, blant anna Henry Blogg som heile tre gonger fekk RNLIs gullmedalje for heltemot. I 1920-åra vart ein ny stasjon anlagt på enden av piren, slik at ein livbåt med motor kunne setjast ut utanfor brenningane og dermed kome langt raskare fram. Fleire kjende redningsoperasjoner mellom 1917 og 1941 gjorde byen kjent i heile Storbritannia og mange stader utanfor landet. Stasjonen dekker ein lang bit av kystlinja, og er enno svært aktiv. Den vesle fotballklubben Comer Town FC, som spelar i Anglian Combination Premier Division, som er det 11. nivået i det engelske ligasystemet, kan miste heimebana Cabbell Park i 2012.[1] Ein klausul i avtala som gav klubben rett til å bruke Cabbell Park som vart motteke i gåve av Evelyn Bond-Cabbell i 1922, til minne om bysborna som døydde i den første verdskrigen. Klausulen i leigekontrakten presiserte at avtala ville gå ut 21 år etter at den siste gjenlevande arvingen til dronning Victoria døydde. Kong Olav V av Noreg var oldebarnet til den britiske dronninga og i 2012 er det 21 år sidan han gjekk bort i 1991.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norfolk Eastern Daily Press: Queen Victoria, King Olav and the bizarre twist for Cromer FC[daud lenkje], lest 17. juli 2011
  2. Dagbladet: Engelsk 11. divisjonslag kan miste banen i 2012, lest 17. juli 2011