Whistler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
VLF-spektrogram av ei elektromagnetisk whistler-bølgje, fanga opp ved Palmer-stasjonen til Stanford University i Antarktis.

Whistler er eit atmosfærisk radiofenomen som vert oppfatta som ein plystrelyd (whistle på engelsk) med ein jamn fallande tonehøgd. Signalet har veldig låg frekvens (VLF) og har opphav i lynutladingar i atmosfæren.[1]

Eit lyn sendet ut kraftige bølgjer over eit breitt frekvensområde, som lokalt vert oppfatta som støy eller spraking i ein radiomottakar. Ein del av bølgjeenergi når ut til magnetosfæren og blir ført langs magnetfeltlinjene kring jorda til den motsette halvkula. På grunn av dei elektriske eigenskapane til magnetosfæren vil dei høgaste frekvensane flytte seg raskare enn dei lågare frekvensane. Dermed vil bølgjene nå fram til motsette halvkula til forskjellige tider, og dersom ein fangar inn signalet med ein mottakar, vil ein høyre ein plystretone som jamt fell i tonehøgd, frå høge til låge frekvensar. Slike bølgjer vert kalla whistler-mode-bølgjer.

Whistler-signalet seier noko om korleis dei elektriske tilhøva har vore langs vegen dei har gått, og kan derfor seie noko om det nære verdsrommet.

Whistler-lydar vart truleg høyrt så tidleg som i 1886 på lange telefonlinjer, men den første tydlege skildringa vart gjort av Barkhausen i 1919. I 1953 synte Storey at dei kom frå lynutladingar..[1]

Voyager 1 og 2-sondane oppdaga whistler-liknande aktivitet i nærleiken av Jupiter, noko som indikerte at det var lynutladningar der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Robert A. Helliwell (2006). Whistlers and Related Ionospheric Phenomena. Dover Publications, Inc. ISBN 0-486-44572-0.  Originally published by Stanford University Press, Stanford, California (1965).