Wii Music
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Wii Music | |
| Utviklar(ar) | Nintendo EAD |
|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo |
| Serie | Wii-serien |
| Sjanger | Musikkspel |
| Spelmodus | Einspelar, fleirspelar |
| Utgjeving | 14. november 2008 |
| Medium | DVD |
| Aldersgrense | PEGI: 3+ |
Wii Music (Wiiミュージック Wī Myūjikku) er eit musikkspel for Wii, utvikla og publisert av Nintendo. Det vart gjeve ut i Japan og Nord-Amerika i oktober 2008, og i Australia og Europa månaden etter. Spelet blir rekna for å vera ein del av Wii-serien, og er eit Touch! Generations-spel.
Wii Music simulerer speling av ulike musikkinstrument gjennom bruk av Wii-fjernkontrollen, Nunchuk og Wii Balance Board. Spelet skulle i utgangspunktet vera ein lanseringstittel for Wii i 2006, men vart utsett. I 2008 avduka Nintendo spelet att, og lanserte spelet seinare same året.