Wii Sports

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wii Sports
Utviklar(ar) Nintendo EAD
Utgjevar(ar) Nintendo
Serie Wii-serien
Sjanger Sportspel
Spelmodus Einspelar, fleirspelar
Utgjeving NA 19. november 2006
JP 2. desember 2006
AUS 7. desember 2006
EU 8. desember 2006
Medium 1 Optisk Wii-plate
Aldersgrense PEGI: 7+
CERO: A
ESRB: E
OFLC: G

Wii Sports (Wii スポーツ) er eit sportspel utvikla og produsert av Nintendo som eit lanseringsspel for Wii. Det vart gjeve ut i Nord-Amerika ilag med Wii-konsollen i november 2006, og i Japan, Australia og Europa månaden etter. Spelet følgjer med Wii-konsollen i alle territoria utanom Japan, som gjer dette til det første spelet pakka med ein Nintendo-konsoll sidan Super Mario World for SNES i 1990. Wii Sports blir rekna som ein del av Wii-serien, og er eit Touch! Generations-spel.

Spelet er ei samling av fem sport-simuleringar, utforma for å visa fram dei rørsle-merkande eigenskapane til Wii-fjernkontrollen for nye spelarar. Dei fem sportane som kjem med er tennis, baseball, bowling, golf og boksing. Spelarar kan nytta Wii-fjernkontrollen for å etterlikna rørsler som blir gjorde i ekte sport, som å slengja ein tennis-rekkert. Reglane for kvar av spela er gjorde enklare slik at dei er meir tilgjengelege for nye spelarar. Spelet har også trenings- og kondismodi som overvaker framgangen ein spelar får i sportane.

Wii Sports fekk gjengs god kritikk, og spelet har vunne prisar frå fellesskapen i spele- og underhaldingsbransjen. Det er det mestsejlande dataspelet nokon gong, med 45,71 millionar selde eksemplar verda rundt sidan mars 2009.[1] Oppfølgjaren til spelet, Wii Sports Resort, kom i 2009.

Oppsett[endre | endre wikiteksten]

Wii Sports er ihopsett av fem ymse sportspel; tennis, baseball, bowling, golf og boksing, som er tilgjengelege gjennom hovudmenyen. Spela nyttar dei rørsle-merkande eigenskapane i Wii-fjernkontrollen og nunchuken for å styra handlingane til figuren på skjermen, og med dette må spelaren røra fjernkontrollen på same vis som sportspela blir spelte i røynda; til dømes ved å halda Wii-fjernkontrollen som ei golfkølle eller ei bowlingkule. Nokre delar av spelinga er automatisk styrte av spelet, som i tennis der flyttinga av sjølve spelarfiguren skjer automatisk medan slaga frå tennis-rekkerten er kontrollerte av spelaren.

Kvar av sportane har ein standard-spelmodus, treningsmodus og fleire modi for fleirspel. I standardmodus ligg reglane for sporten nært reglane slik dei er i ekte sport. Treningsmodus er ein einspelarmodus som lèt ein øva seg på enkelte felt innanfor sportane, og lønnar ein med medaljar om bragda er god nok. Kvar sport har modi for ein eller to spelarar, der nokre av dei stør speling for opp til fire spelarar på ulike vis. I golf og bowling kan fleire spelarar delta ved å dela på ein Wii-fjernkontroll etter tur, mens tennis krev at kvar av spelarane har sin eigen kontroll. I fleirspelar-modus speler spelarane oftast mot kvarandre etter reglane for sportane. Unntaket er tennis der to kan spela i lag eller mot kvarandre.

Figurane i spelet blir henta frå Mii-kanalen på Wii. Dette lèt ein laga Mii-figurar som kan bli sendte til spel som stør denne funksjonen. Mii-ar som er lagra på Wii vil dukka opp i folkemengda i bowling-spela og som lagkameratar i baseball-kampane. Ein kan også senda Mii-figurar over til internminnet i Wii-fjernkontrollen for bruk på ein annan Wii med ei anna lagring.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]