Wilhelm Egon von Fürstenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vilhelm Egon av Fürstenberg av Nicolas II de Larmessin

Vilhelm Egon av Fürstenberg (2. desember 162910. april 1704) var ein tysk geistleg som var biskop av Strasbourg.

Han starta karrieren sin som soldat i fransk teneste.

Han reiste i lag med broren sin, Frans Egon, til hoffet til kurfyrsten av Köln. I 1672 hadde dei to brørne klart å få i stand ein allianse mellom det franske monarkiet og Kurfyrstedømet Köln. Vilhelm vart då teken til fange av keisaren sine soldatar i klosteret St. Pantaleon i Köln, og ført til Wien der han vart stilt for retten. Han vart redda av den pavelege apostoliske nuntiaturen i Köln, men vart halden i fengsel fram til freden i Nijmwegen (1679) vart underteikna.

Som løn for tenestene sine utpeikte Ludvig XIV han til biskop av Strasbourg og vart i 1686 av pave Innocens XI utpeikt til kardinal. I 1688 vart han valt til medhjelparen til erkebiskopen av Köln. Etter at Ludvig XIV tapte i niårskrigen mista derimot Vilhelm alle embeta sine og reiste attende til Frankrike. Han busette seg i St-Germain-des-Prés-klosteret nær Paris, der han døydde 10. april 1704.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]