Pave Innocens XI
| Innocens XI | |
| Innocentius XI | |
| Dåpsnamn | Benedetto Odescalchi |
|---|---|
| Fødd | 16. mai 1611, Como i Italia |
| Død | 12. august 1689, Roma i Italia |
| Innsett | 21. september |
| Saligkåra: | 7. oktober 1956 |
| Heilagkåra: | Ikke heilgakåra |
| Festdag: | Ingen |
| Føregjengar: | Klemens X |
| Etterfylgjar: | Alexander VIII |
Innocens XI (fødd Benedetto Odescalchi, 16. mai 1611–12. august 1689) var pave frå 1676 til 1689.
Han reformerte kurien, førte finansane til pavestolen i orden og prøvde å umogeleggjere nepotisme. Han stilte seg avvisande til delar av morallæra eller probabilismen til jesuittane, men forkasta òg kvietismen til Miguel de Molinos. Han var i stadig strid med Ludvig XIV av Frankrike på grunn av absoluttistiske krav på å styre den franske kyrkja, kalla gallikanisme. Paven protesterte mot forfølginga av hugenottane i Frankrike etter at ediktet i Nantes vart oppheva i 1685. Han arbeidde for fred og einskap i Europa og fekk oppretta ein pakt mellom den polske kongen Jan III Sobieski og keisar Leopold I av Det tysk-romerske riket. Denne pakta var avgjerande for å frigjere Wien frå tyrkarane si kringsetjing av Wien i 1683.
Innocens XI vert rekna for den mest merkverdige paven på 1600-talet. På grunn av den uklanderlege livsførselen sin, generøsiteten mot dei fattige og ønsket om å fred, vart kanoniseringa av han innleidd, mot franske protestar. Paven vart saligkåra i 1956.
Kjelder [endre]
- Innocens 11. (2012-01-21) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Innocens_11
| føregjengar: Klemens X |
Pave (liste over pavar) |
etterfølgjar: Alexander VIII |