Wilhelm von Diez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wilhelm von Diez

Statsborgarskap Kongedømet Bayern
Fødd 17. januar 1839
Bayreuth
Død

25. februar 1907 (68 år)
München

Yrke kunstmålar, illustratør, universitetslærar
Språk tysk
Wilhelm von Diez på Commons
Die schöne Wirtin (Den vakre vertinna)
Betlarar

Albrecht Christoph Wilhelm von Diez (17. januar 183925. februar 1907) var ein tysk målar og teiknar frå Bayreuth, som vart ein framståande representant for den såkalla München-skulen.

Diez gjekk i lære på den polytekniske skulen i München frå 1853 til -55. Sidan utdanna han seg mest på eiga hand. Han fekk eit namn som illustratør i humor-tidsskriftet Fliegende Blätter. Størst ry fekk han gjennom ei mengd illustrasjonar til Friedrich Schiller sitt verk Geschichte des dreißigjährigen Krieges som kom ut i 1871.

I 1871 vart Diez professor ved kunstakademiet i München. Gjennom si verksemd som lærar, og sine små sjangerbilete, fekk han talrike elevar. Mellom dei var norske Eilif Peterssen, russiske Franz Roubaud og, mykje seinare, tyske Franz Marc. Arbeida hans er prega av ein grå sølvtone og sikker, lett penselføring. Han måla både landskapsbilete, dyremåleri og religiøse motiv. Mange av bileta hans syner ofte interessante, karakteristisk oppfatta kulturhistoriske situasjonar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Wilhelm von Diez

Kjelder[endre | endre wikiteksten]