William Cornysh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
William Cornysh
Fødd ca. 1465, England
Død oktober 1523, Hylden Manor i Kent
Sjanger Renessansemusikk
Yrke Komponist, dramatikar, skodespelar og poet

William Cornysh den yngre (òg skrive William Cornish) (ca. 1465 – oktober 1523) var ein engelsk komponist, dramatikar, skodespelar og poet.

Liv[endre | endre wikiteksten]

I dei einaste overlevande dikta hans, som vart skriven i Fleet Prison, hevdar han at han vart dømd på falskt grunnlag og derfor uskuldig dømd. Det er ikkje kjend kva han vart dømd for.[1] Det er ikkje sikkert han er komponisten av musikken ein finn i Eton Choirbook, som i så fall er skriven av faren, som òg heitte William Cornysh, og som døydde kring 1502. Den yngre Cornysh hadde eit prestisjeyrke hos kongen, som Master of the Children ved Chapel Royal og ansvarleg for den musikalske og dramatiske underhaldninga ved hoffet og under viktige diplomatiske hendingar som Field of the Cloth of Gold og besøk frå andre hoff frå Frankrike og Det tysk-romerske riket. Denne stillinga hadde han til han døydde.

Musikkverk[endre | endre wikiteksten]

Eton Choirbook (samla kring 1490 - 1502) inneheld fleire verk av Cornysh: Salve Regina (som finst i fleire andre kjelder òg), Stabat mater, Ave Maria mater Dei, Gaude virgo mater Christi og ein tapt Gaude flore virginali. Caius Choirbook (c 1518-20) inneheld ein Magnificat. Andre kjelder refererer til tapte verk, tre messer, ein annan Stabat mater, ein annan Magnificat, Altissimi potentia og Ad te purissima virgo. Han skreiv òg verdsleg vokalmusikk og den kjende engelske religiøse hymnen Woefully arrayed. Det finst òg eit utvida og noko lærd tredelt instrumentalt verk basert på steg i heksakkord, Fa la sol og eit anna stykke utan tittel. Desse verdslege verka finn ein i den såkalla Fayrfax Book (kopiert i 1501).

Om all den tidlege religiøse musikken er av den same Cornysh (den yngre) som den verdslege musikken, så var han ein komponist med stor breidd, men ikkje utan sidestykke. Enkelte av verka dukkar opp nesten to tiår etter at den eldre Cornysh døydde, så desse er mest truleg av den yngre Cornysh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Diktet har tittelen «The Knight and the Lady»; nummer 20 i The Nw Oxford Book of English Verse, 1972.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Scholes, Percy (1970) The Oxford Companion to Music; 10. utg. Oxford University Press; s. 259

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]