William Crookes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
William Crookes

Fødd17. juni 1832
London
Død4. april 1919
London
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Områdekjemi, fysikk, spektroskopi, Spiritisme
Yrkekjemikar, fysikar, påstått synsk, fotograf
InstitusjonarUniversity of Chester
Alma materImperial College London
MedlemRoyal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
Accademia Nazionale dei Lincei
National Academy of Sciences

Sir William Crookes (17. juni 18324. april 1919) var ein engelsk kjemikar og fysikar. Han gjekk på Royal College of Chemistry i London, og arbeidde med spektroskopi.

Crookes vart utnemnd til medlem av Order of Merit og var president i Royal Society 1913–15.

Han undersøkte elektriske utladingar i glasrøyr med gass under lågt trykk, Crookes-røyr, der han påviste eit mørkt område, Crookes-mørkerom

Han påviste at det fanst helium i sola og i mineralet cleveitt. Han oppdaga metallet thallium og separerte thorium frå uran. For å verne augo til industriarbeidarar mot intenst lys laga han briller av mørkt glas, og kan derfor reknast som oppfinnar av solbrillene. Han var òg sterkt oppteken av spiritisme.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]