Thallium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
81 KvikksølvThalliumBly
In

Tl

Uut
Thallium i periodesystemet
Generelle eigenskapar
Namn, kjemisk symbol,
atomnummer
Thallium, Tl, 81
Kjemisk serie Metall
Gruppe, periode, blokk 13, 6, p
Tettleik, hardleik 11850 kg/m3, 1,2 (ikkje SI)
Utsjånad Sølvkvitt
Thallium
Atomeigenskapar
Atommasse 204,3833 u (ikkje SI)
Atomradius (berekna) 190 (156) pm
Kovalent radius 148 pm
Ioneradius 150 pm (ladning: +1)
van der Waals radius 196 pm
Elektronkonfigurasjon [Xe]4f145d106s26p1
Elektron per energinivå 2, 8, 18, 32, 18, 3
Oksidasjonstrinn (oksid) +1, +3 (svak base)
Krystallstruktur Heksagonal
Fysiske eigenskapar
Tilstandsform Fast stoff
Smeltepunkt 577 K (304°C)
Kokepunkt 1746 K (1473°C)
Molart volum 17,22 cm3/mol
Fordampingsvarme 164,1 kJ/mol
Smeltevarme 4,142 kJ/mol
Damptrykk 5,33×10−6 Pa ved 577 K
Ljodfart 818 m/s ved 25 °C
Diverse eigenskapar
Elektronegativitet 1,62 (Paulings skala)
Spesifikk varmekapasitet 129 J/(kg·K)
Elektrisk konduktivitet 6,17 MS/m
Termisk konduktivitet 46,1 W/(m·K)
Ioniseringspotensial 589,4 kJ/mol
1971 kJ/mol
2878 kJ/mol
Mest stabile isotopar
Iso-
top
Naturleg
førekomst
Halverings-
tid
 (ikkje SI)
NM NE MeV
(ikkje SI)
NP
203Tl 29,524% (stabilt)
204Tl (kunstig) 3,78 år β
ε
0,764
0,348
204Pb
204Hg
205Tl 70,476% (stabilt)
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerkt

Thallium er eit metallisk grunnstoff med kjemisk symbol Tl og atomnummer 81. Det høyrer til gruppe 13 i periodesystemet.

Metallet er mjukt og lettformeleg, og kan skjerast i med kniv. Det har ein metallisk glans som det fort mister i luft, og får i staden ein blå-grå farge. For at stoffet ikkje skal oksidera oppbevarer ein det gjerne under vatn.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Thallium er eit giftig tungmetall og har vore brukt til å forgifta rotter og insekt. Stoffet har òg vore brukt i giftmord på menneske.

Helse[endre | endre wikiteksten]

Sjølve grunnstoffet og sambindingane det dannar er svært giftige. Dette er fordi det kan erstatta viktige alkalikation i kroppen, til dømes natrium og kalium. Ombytinga fører til at alle prosessane i cella stoppar opp. Stoffet var særs verknadsfult som mordvåpen før ein forstod korleis det verka og fann fram til ei motgift (berlinerblå, Fe4[Fe(CN)6]3). Thalliumforgifting fører mellom anna til at ein mister håret.

Thallium i mindre dosar kan truleg framkalla kreft.

På grunn av helsefarane er thallium ikkje lenger brukt som rottegift.

Thallium i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Krimforfattaren Agatha Christie, som hadde arbeidd som farmasøyt, hadde thalliumforgifting som mordmåte i romanen The Pale Horse (norsk: Den fjerde rytter). Ein fann ut kva offera døydde av fordi dei hadde mista hår.

Filmen The Young Poisoner's Handbook frå 1995 var basert på livet til Graham Frederick Young som drap minst tre menneske med thallium i 1960- og -70-åra.

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.