William Mathews

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edward Whymper:William Mathews

William Mathews (18281901) var ein britisk fjellklatrar og botanikar, landmålar og eigedomsmeklar. Han var den fyrste som føreslo skiping av Alpine Club.

Mathews brevveksla i februar 1857 med F.J.A. Hort kring ideen om å skipe ei nasjonalforeining for fjellklatring. Han tok opp tanken med E.S. Kennedy på ein tur til toppen av Finsteraarhorn den 13. august 1857.[1] Fleire førebuande møte fann stad i Mathews sitt hus i nærleiken av Birmingham gjennom november månad.[2] Skipingsmøtet for Alpine Club vart avvikla 22. december 1857 på Ashley's Hotel i London, leia av Kennedy.

Perioden 1868-71 var Mathews den femte formannen i Alpine Club.

Fyrstebestigingar[endre | endre wikiteksten]

  • Grande Casse - 8. august 1860, saman med fjellførarane Michel Croz og E. Favre
  • Castore - 23. august 1861, saman med F.W. Jacomb og Michel Croz
  • Viso - 30. august 1861, saman med F.W. Jacomb og Michel Croz
  • Grandes Rousses - 1863, saman med Thomas George Bonney, Michel Croz og broren Jean-Baptiste Croz

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Finsteraarhorn at stnet.ch (accessed 7 January 2008): On this ascent Mathews and Kennedy were accompanied by J. C. W. Ellis, John Frederick Hardy, Benjamin St John Attwood-Mathews, and by four guides, Auguste Simond and Jean Baptiste Croz, of Chamonix, Johann Jaun the Elder, of Meiringen, Aloys Bortis, of Fiesch, and by one porter, Alexander Guntern.
  2. Claire Engel, Mountaineering in the Alps, London: George Allen and Unwin, 1971, p. 112. Mathews and Kennedy approached John Ruskin to become a member, but he declined. p. 113.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]