Chamonix
| Chamonix | |
|---|---|
| Styresmakter | |
| Land Region Departement |
Frankrike Rhône-Alpes Haute-Savoie |
| Geografi | |
| Flatevidd - By |
245,46 km² |
| Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
9 830 40/km² |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Høgd over havet | 1 032 m |
| Tidssone | CET (UTC+1) |
| Diverse anna | |
| Heimeside: www.chamonix-mont-blanc.fr | |
Chamonix, eller Chamonix-Mont-Blanc, er ein by med om lag 10 000 innbyggjarar søraust i Frankrike. Byen ligg ved foten av Mont Blanc i departementet Haute-Savoie i regionen Rhône-Alpes, og er ein populær vintersportsstad. Dei første olympiske vinterleikane vart halde her i 1924.
Chamonix består av tre landsbyar som ligg 1 350, 1 550 og 1 650 moh. Landsbyane har namn etter høgda dei ligg i. Chamonix 1650 er kjend for sitt livlege uteliv blant skituristane.
[endre] Geografi
Chamonix-dalen går frå nordaust til sørvest og gjennom dalen renn elva Arve. På den søraustlege sida av Chamonix ligg Mont Blanc, det høgaste fjellet i Vest-Europa med ei høgd på 4 807 moh. På den nordvestlege sida av byen ligg fjelltoppen Le Brévent (2 525 moh.). Ei rekkje andre landsbyar høyrer òg til kommunen, som: Les Bossons (1 012 moh.), Les Praz (1 060 moh.), Argentière (1 252 moh.) og Le Tour (1 462 moh.). Chamonix grensar til Aostadalen i Italia gjennom Mont Blanc-tunnelen og Martigny i Sveits igjennom Col de Montets-passet (1 461 moh.).
[endre] Bakgrunnsstoff
|
|
|
|---|---|
|
1924: Chamonix • 1928: St. Moritz • 1932: Lake Placid • 1936: Garmisch-Partenkirchen • 1940 og 1944: Ingen vinterleikar pga. verdskrigen • 1948: St. Moritz • 1952: Oslo • 1956: Cortina d'Ampezzo • 1960: Squaw Valley • 1964: Innsbruck • 1968: Grenoble • 1972: Sapporo • 1976: Innsbruck • 1980: Lake Placid • 1984: Sarajevo • 1988: Calgary • 1992: Albertville • 1994: Lillehammer • 1998: Nagano • 2002: Salt Lake City • 2006: Torino • 2010: Vancouver • 2014: Sochi • 2018: Pyeongchang |