Xia-dynastiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kinesisk historie
Den kinesiske muren
Den kinesiske muren
Sanhuangwudi-perioden (mytologisk)
Xià-dynastiet
Shāng-dynastiet
Zhōu
Vår- og haustannaltida Austlege Zhōu
Dei stridande statane
Qín-dynastiet
Vestlege Hàn Hàn
Xīn
     Austlege Hàn
     Táng-dynastiet
(avbrote av Andre Zhōu)
Republikken Kina (Táiwān)

Xia (tidl. Hsia) er ifølgje kinesisk historietradisjon det første regjerande dynastiet i Kina. Det er omtalt i legender, ikkje historisk fastslege, og skal ha herska frå ca 2200 f.Kr til 1800-/1700-talet f.Kr. Ifølgje soga blei det grunnlagd av Yu, som gjorde herskermakta arveleg. Tradisjonen namngjev ei rekkje herskarar, over 17 kongar gjennom 14 generasjonar. Den epoken som blir skildra i Sanhuangwudi-legendene kom før Xia-dynastiet og epoken som følgjer etter Xia-dynastiet vert kalla Shang.

Kong Yu den Store

Tidsavgrensingar[endre | endre wikiteksten]

Det blir brukt ulike årstal om kva tid dynastiet herska, ei vanleg oppfatting seier 2033–1562 f.Kr. Andre forskarretningar foretrekker andre avgrensingar, som 2205–1766 f.Kr; 2183–1751 f.Kr; eller 1994–1524 f.Kr.

Tydinga av Yinxi-utgravingane[endre | endre wikiteksten]

Før utgravingane av dei tidlege bronsealderfelta ved Yinxi («Yin-gravene») nær Anyang i Henan-provinsen mellom 1928 og 1937, var det vanskeleg å skifte mellom myte og realitet når det gjaldt den historiske eksistensen til dynastiet. Men etter desse utgravingane vart historisiteten styrkt. Nye utgravingar i same område på 1960- og 1970-talet avdekte meir: busetjingar, bronsereiskapar og gravkammer som ytterlegare stadfesta at det hadde eksistert ein sivilisasjon på dei stadene som dei gamle kinesiske tekstene hadde gjeve. Det minste ein kan seie er at Xia-periodane markerer ein overgangssivilisasjon mellom dei sein-neolittiske kulturane og dei typiske kinesiske bysivilisasjonane som kjennest frå Shang-tida til dynastiet.

Territorium[endre | endre wikiteksten]

Følgjer ein skildringane frå gamle tekster, strekte Xia-område seg i aust omtrent til der dei tre moderne provinsane Henan, Hebei og Shandong møtest, i sør ned til Hubei, i vest til den sørlege delen av Henan og i nord til Hebei. Det var konsentrert om det midtre løpet til Huang He-floden og strekte seg tidvis heilt sør til Yangtze. Hovudsetet skifta stadig, men utgravingsfeltet Yangxi ved Anyang må ha vore særleg viktig.

Teknologi[endre | endre wikiteksten]

På Xia-tida vart det alt drive eit intensivt landbruk. Ifølgje segnene vart det alt brygga alkoholhaldige drykk. For å auke produktiviteten i landbruket vart dei første kalendrane utvikla. Ein dreiv òg med kvegdrift og skal ha lagt særleg vekt på oppdrett av hestar. Det var truleg alt ei differensiering av handverksyrka med tanke på leire- og bronsearbeid.

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Truleg dreidde det seg om fellesskap av ulike stammar under leiing av eit kongehus.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Xia-dynastiet vart eit arvekongedøme, som vart sagt å nedstamme frå den legendariske gule keisaren si tid. Deretter dominerte ein familie eller klan den tidlege sivilisasjonen. Det vart utvikla eit regjeringsapparat og eit rettsvesen. Dei første kinesiske rettsreglane oppstod. I den marxistiske historieskrivinga som framleis dominerer i Folkerepublikken Kina vert Xia-dynastiet rekna som eit slavesamfunn.

Dokument frå yngre tid gjev eit riss av hendingar i Xia-tida som nok blandar historie med segner. Ifølgje desse tekstene vart Xia-dynastiet grunnlagt av kong Yu den Store. Før tida hans vart ikkje kongeverde overlevert dynastisk. Den nye kongen vart nominert av den gamle og deretter approbert av stammefolka. Yu hadde vunne gunsten til den gamle kongen Shun og til stammane ved innsatsen sin flaumane frå elva Huang He. Men etter Yu døydde lét likevel sonen hans Qi seg utrope til konge og tilsidesette dermed det gamle anbefalingssystemet. Dette vart møtt med motstand frå stammane, men Qǐ slo dei ned med militærmakt. Deretter kalla han saman høvdingane for å få dei til å stadfeste det nye dynastiske systemet hans.

Etter Qi døydde vart sonen hans Tài Kāng konge. Men sidan Tài Kāng levde eit utsvevande liv og forsømde staten sin saker, gjorde dei fem brøne hans han rangen stridig. Til slutt klarte broren Zhòng Kāng å vinne kongstittelen for seg. (Nokre kjelder vil at Zhòng Kāng var ein av Tài Kāng sine søner.) Men brorfeiden hadde svekka huset Xia, slik at ein opprørar kunne tilrive seg makta frå sonen til Zhòng Kāngs, Xiāng. Det var først sonen til Xiāng, Shǎo Kāng, som klarte å slå ned opprøret og gjenopprette dynastiet. Sonen til Shǎo Kāng, Zhù, klarte å styrkja dynastiet.

Mot slutten, frå kong Kǒng Jiǎ sine dagar, vart dynastiet igjen svekka som følgje av indre splid. Den siste Xia-kongen, Jié, skildrast som særleg brutal og korrupt. Men dermed tapte han òg folket sitt og lojaliteten til stammane, slik at Tāng, høvdingen for Shang-stammen i aust, klarte å gjennomføre eit opprør som tok slutt på Xia-dynastiet. Enno i dag knyter kinesarane namnet Jié med maktmisbruk og tyranni.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Xia-dynastiet» i Store norske leksikon, snl.no.