Xingtai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Xingtai si plassering i Hebei

Xingtai (kinesisk: 邢台; pinyin: Xíngtái) er eit byprefektur sentralt i provinsen Hebei i Kina. Prefekturet har eit areal på 12 486 km2 med 6,99 millionar innbyggjarar (2009). Byprefekturet Xingtai består av to distrikt, to byfylke og femten fylke. Byen Xingtai ligg 400 km frå hovudstaden Beijing, og ligg ved jarnbanen mellom Beijing sørover til Guangzhou og Hongkong.

Arkeologiske funn viser at byhistoria går tilbake til første del av Shang-dynastiet.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Jingguangbanen, toglinja mellom Beijing i nord og Guangzhou i sør, har stoppestad i Xingtai.

Kinas riksveg 107 fører gjennom området. Han går frå Beijing til Shenzhen i Guangdong, og passerer gjennom provinshovudstadene Shijiazhuang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Guangzhou.