Yare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yare
elv
Yare frå Haven Bridge i Great Yarmouth
Land  England
Grevskap Norfolk
Kjelde nær Dereham
Munning i Nordsjøen ved Great Yarmouth
Kart
Yare
52°35′17″N 1°38′33″E / 52.588055555556°N 1.6425°E / 52.588055555556; 1.6425
Wikimedia Commons: River Yare

Yare er ei elv i Norfolk i England. Den nedre delen av elva renn gjennom nasjonalparken The Broads, der fleire sideelvar renn inn i Yare.

Elva har utspringet sitt sør for Dereham. Ho renn så i austleg retning mot Norwich, der ho passerer i utkanten av byen og møter Wensum før ho renn inn i nasjonalparken. Deretter passerer ho landsbyane Cantley og Reedham og dessutan det isolerte vesle samfunnet Berney Arms før ho renn inn i innsjøen Breydon Water. Såg renn elvane Bure og Waveney inn i ho, og Yare renn til slutt ut i Nordsjøen ved Gorleston i Great Yarmouth. Sistnemnde byen har namn etter elva, «Yare-munningen».

Yare ved Thorpe Green i Norwich

Yare er farbar for små fartøy mellom Norwich og havet, og tidlegare gjekk mykje av den kommersielle trafikken til byen over elva. Det går òg ein farbar kunstig kanal, Haddiscoe Cut mellom Yare og Waveney ved Reedham. Kanalen gjer det mogleg å segle mellom dei to elvene utan å måtte krysse Breydon Water.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]