Yedigöller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


Yedigöller nasjonalpark (tyrkisk Yedigöller, «sju sjøar») ligg nord i provinsen Bolu i Tyrkia.

Parken er best kjend for innsjøane som er danna av jordras og for det rike plantelivet. Det veks bøk, eik, agnbøk, gran, raudgran, or og svartfuru i området.

Av ville dyr i parken finn ein kronhjort, rådyr, villsvin, brunbjørn, ulv, raudrev, gaupe, jungelkatt, oter og fleire andre.

Av dei sju innsjøane er den eine berre med vatn til somme tider av året.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Yedigöller