Ynys Moelfre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 53°21′29.3″N 4°13′39.2″W

Ynys Moelfre

Ynys Moelfre (Moelfre Island) er ei lita øy utanfor kysten av Anglesey i Wales. Ved lågvatn er ho 261 meter lang og 121 meter brei og dekkjer eit areal på 26 tusen kvadratmeter. Den næraste busetanden er landsbyen Moelfre og mellom dei to går det smale sundet Y Swnt, som er opp mot 194 meter på det breiaste. Ved lågvatn er det mogeleg å vasse over sundet. Av fuglar på øya finn ein måse, terne, havsule, havhest og tjuvjo. Stundom kan ein òg sjå niser ved øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]