Zakhar Tsjernysjov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grev Tsjernysjov

Grev Zakhar Grigorjevitsj Tsjernysjov (russisk Захар Григорьевич Чернышёв) (17221784) var den eldste av tre brør, Zakhar, Ivan Tsjernysjov og Pjotr Tsjernysjov, ein nær ven av Timofei Evreinov og son av Grigorij Tsjernysjov, den første grev Tsjernysjov og ein av generalane til Peter den store i russisk militærteneste frå 1735.

38 år gammal fekk han kommando over eit russisk korps på om lag 20 000 soldatar og tok den prøyssiske hovudstaden Berlin i 1760 under den blodige sjuårskrigen.

Zakhar vart krigsminsiter under Katarina den store av Russland.

Bustaden til Zakhar Tsjernysjov i Tverskajagata i Moskva.

Peter III av Russland, tidlegare hertug av Holstein, vart ny russisk tsar fekk han ordre i mai 1762 om å slå seg saman med den tidlegare fienden Preussen.

I lag med Fredrik II av Preussen gjekk dei imot den tidlegare allierte til Tsjernysjov, feltmarskalk Daun og den austerrikske styrken hans, nær Burkersdorf. Kong Fredrik hadde alt valt å gå til åtak på austerrikarane då Tsjernysjov fekk ordre om å forlate prøyssarane. Men Fredrik kravde at den russiske kommandøren skulle sjå bort frå ordren sin og deltok i den prøyssiske sigeren i Burkersdorf (21. juli 1762).

Peter III vart myrda kort tid etter og hustrua hans, Katarina den store, gjorde seinare Tsjernysjov til leiar av den russiske krigsskulen (1773) og russisk feltmarskalk.

Seinare vart han sendt for å styre Kviterussland, som vart teken frå Polen under den første delinga. Han gjorde fleire regionale reformer rundt om i riket og vart den første guvernøren som gjennoppretta Moskva gubernija.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    • http://en.wikipedia.org/wiki/Guberniya
    • Ian GREY, (New Zealand, 1918 - ), Attaché Officer between the British og the Russisk Navy, British Naval Attaché in Moscow Embassy for many years, under R. A. Longmire. Catherine the Great. Unabridged translation into Spanish by Valentina Gómez de Muñoz for Ed. Pomaire (1962). Publ. Círculo de Lectores S.A., (1969), 295 sider. Depósito Legal: B. 18128 - 69.
    • Isabel DE MADARIAGA. Catherine the Great, a Short History , 262 sider, Yale Univ. Press, (U. S. A.), 2nd edition, August 2002.17 b/w illustrations, ISBN 9780300097221 ISBN 030009722