Zielona Góra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zielona Góra
Rådhuset og hovudplassen
Rådhuset og hovudplassen
Rådhuset og hovudplassen
Flagget til Zielona Góra Byvåpenet til Zielona Góra
Flagget til Zielona Góra Byvåpenet til Zielona Góra
Motto
«Miasto przyszłości»
(Byen for framtida)
Plassering
Zielona Góra is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Polen
Lubusz-voivodskapet
Grunnlagd
Byrettar
1200-talet
1323
Borgarmeister Janusz Kubicki
Geografi
Flatevidd
 - By

58,32 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

118 221
  2027/km²
Koordinatar 51°56′0″N 15°30′0″EKoordinatar: 51°56′0″N 15°30′0″E
Høgd over havet 71 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 65-001 til 65-950
Telefon-retningsnummer +48 068
Bilnummer FZ
Nettstad: www.zielona-gora.pl/UMZG/

Zielona Góra (tysk Grünberg in Schlesien) er ein by i Nederschlesien vest i Polen med om lag 120 000 innbyggjarar. Byen ligg i Lubusz-voivodskapet (sidan 1999) og var tidlegare hovudstad i Hertugdømet Zielona Góra og Zielona Góra voivodskap (1975-1998). Namnet, både på polsk og tysk, tyder «grønt fjell».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var han ein slavisk landsby, som vart ein del av hertugdømet Głogów i 1250. Han fekk bystatus med Magdeburgrettar i 1323. I 1477 slo byen ein 5000 mann stor hær frå naboområdet Brandenburg, som prøvde å erobre byen.

I 1294 bygde fyrst Konrad I Głogowski ei kyrkje for St. Jadwig, vernehelgenen til Schlesien. Denne bygningen, konkatedra św. Jadwigi w Zielonej Górze, er i dag den eldste bygningen i byen.

Etter at hertugdømet Sagan (Żagań) fall, kom byen inn under Kongedømet Böhmen. Han gjekk i arv til Habsburgmonarkiet i Austerrike i 1526, og vart annektert av Kongedømet Preussen under dei schlesiske krigane i 1740-1763. I løpet av denne perioden vart den polske folkesetnaden pressa ut på landsbygda. [1], men enkelte vart verande i byen og fram til 1809 var det framleis ei polsk kyrkje i drift. [2].

Byen vart verande ein del av Tyskland fram til 1945 då Nederschlesien vart overført til Polen som følgje av Potsdamerkonferansen. Den gjenverande tyske folkesetnaden som ikkje flykta frå fronten vart kasta ut av byen, og byen vart busett på ny av polakkar frå Kresy, ein tidlegare polsk provins i aust som vart annektert av Sovjetunionen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Zielona Góra

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 12. august 2007, henta 17. juni 2008 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 12. august 2007, henta 17. juni 2008