Zlatibor

Koordinatar: 43°40′N 19°42′E / 43.667°N 19.700°E / 43.667; 19.700
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zlatibor

Zlatibor (serbisk Златибoр) er eit fjellområde i vestlege delar av Serbia og ein del av Dei dinariske Alpane.

Fjella dekkjer eit område på om lag 300 km², er 17 km lang og 14 km breie. Den høgaste toppen er Tornik på 1496 meter over havet.

Zlatibor er administrativt delt inn i tre kommunar i Serbia: Čajetina, Užice og Nova Varoš. Jernbanelinja Beograd-Bar går gjennom Zlatibor.

I sør og aust grensar Zlatibor til elvane Uvac og Veliki Rzav. I vest ligg regionen Bosnia med landsbyane Mokra Gora, Semegnjevo og Jablanica.

Zlatibor ligg nord i den historiske regionen Stari Vlah, mellom Raška, Herzegovina og Bosnia. På åsen Cigla nær landsyben Jablanica kan ein framleis sjå ein del av grenselinja mellom Kongedømet Serbia, Austerrike-Ungarn og Det osmanske riket. I mellomalderen vart Zlatibor kalla Rujno. Namnet Zlatibor kom i bruk på 1700-talet, men opphavet til namnet er usikkert.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Vatn sentralt i Kraljeve Vode

Zlatibor er eit turtistområde i Serbia med eit kjølig fjellklima, rein luft, mykje sol om sommaren og mykje snø om vniteren. Her finst hotell og anlegg for skisport.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Zlatibor frå Wikivoyage

43°40′N 19°42′E / 43.667°N 19.700°E / 43.667; 19.700