Užice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Užice
Uzice pan.jpg
Plassering
Užice is located in Serbia
Styresmakter
Land Flag of Serbia.svg Serbia
Region Sentral-Serbia
Distrikt Zlatibor distrikt
Borgarmeister Jovan Markovic
Geografi
Flatevidd
 - By

667 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2002)
   - folketettleik
 - Byområde

83 022
  124,5 /km²
102 463
Koordinatar 43°51′0″N 19°51′0″EKoordinatar: 43°51′0″N 19°51′0″E
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 31000
Bilnummer UE
Nettstad: www.graduzice.org

Užice (serbisk Ужице) er ein by og ein kommune i Serbia. I 2002 hadde byen om lag 102 463 innbyggjarar, men medrekna forstadane har byen nesten 83 022 innbyggjarar.[1] Han er det administrative senteret i Zlatibor distrikt. Byen ligg ved breidda av elva Đetinja.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Regionen der Užice ligg vart først busett av illyrarar, særleg stammene Parthini og Autariatae. Gravene deira finst i heile regionen. Regionen vart annektert av Romarriket og vart ein del av provinsen Dalmatia.

Mellomalderen og Det osmanske riket[endre | endre wikiteksten]

I mellomalderen flytta fleire slaviske folk til området. Rundt 1180 annekterte Stefan Nemanja Užice til Raška. Då kong Dragutin abdiserte til fordel for broren Milutin, heldt han kontrollen over Užice og fekk regionen Mačva av den ungarske kongen. Av dette danna han kongedømet Srem. Då kong Dragutin døydde, vart landområda hans annektert av Serbia. Etter tsar Stefan Dušan døydde, kom Užice under Vojislav Vojinović sin kontroll, men han vart styrta av Nikola Altomanović. Lazar av Serbia og Tvrtko I av Bosnia slo Nikola Altomanović og delte landområdet hans mellom seg. Užice kom då under Knez Lazar sin kontroll.

Gamlebyen, eit mellomalderby

Užice vart erobra av Det osmanske riket i 1463, og var ein del av Beograd Pašaluk fram til 1807, då han vart frigjort av ein serbisk hær under det første serbiske opprøret. Han var det administrative setet i regionen og distriktet, med mange handelsmenn og handverkarar. Først mot slutten av 1800-talet utvikla han seg til ein industriby. Det første vasskraftverket i Serbia vart bygr i Užice, basert på prinsippa til Nikola Tesla. Det vart bygd i elva Đetinja i 1900.

Republikken Užice[endre | endre wikiteksten]

I 1941 vart Užice frigjort av partisanane, som gjorde byen som hovudstad i Republikken Užice. Denne republikken var ein kortvarig ministat som eksisterte hausten 1941 i den vestlege delen av det naziokkuperte Serbia.

Republic Užice bestod av nesten heile det vestlege Serbia, og hadde meir enn 300 000 innbyggjarar. Han låg mellom elvane Skrapež i nord, Drina i vest, Zapadna Morava i aust og Uvac i sør.

På denne tida produserte fabrikkane i Užice hovudsakleg utstyrt for militært bruk. Tog og vegar fungerte og det vart trykt bøker og aviser, medan krigen heldt fram i Jugoslavia og verda elles.

I november 1941 gjenerobra derimot Wermacht området, medan dei fleste partisanane flykta til Bosnia, Sandžak og Montenegro.

Togstasjonen i 1970-åra

Jugoslvia[endre | endre wikiteksten]

Det sosialistiske Jugoslavia vart oppretta etter den andre verdskrigen og Užice fekk namnet Titovo Užice (Титово Ужице). Frå 1992, då kommuniststyret i landet kollapsa, vart «Titovo»-delen (som tyder «Titovo sin») av namnet fjerna. Han var ein av åtte byar i Jugoslavia som fekk dette tilnamnet, og som følgje av dette vart det investert mykje pengar i infrastruktur og lokale fabrikkar i byen.

1990-åra[endre | endre wikiteksten]

I 1990-åra gjekk det dårleg økonomisk i Užice som følgje av krig og politisk ustabilitet.

I 1999 vart byen bombardert fleire gonger under NATO-bombinga av Jugoslavia i 1999. 6. mai vart mange vegar, motoverga, flyplassen og både sivile og offentlege byggverk råka av bombene[2].

Det moderne Užice[endre | endre wikiteksten]

I dag er industrien den viktigaste næringa i Užice kommune. Den mest utvikla industrien er ikkje-jernhaldig metallurgi, metallhandsaming og tekstilindustri.

Dei viktigaste føretaka er Valjaonica bakra og Valjaonica aluminijuma, Metaloprerada, Alfaplast, Tvrdi metal, Woksal, Sinter, Autoventil og FASAU, alle i metallindustrien, og i tekstilindustrien er det Frotex, Kadinjača og Desa Petronijević.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 2002 Census Data
  2. Warfacts.org.yu (1999). «(NATO Aggression) Civilian Infrastructure: Uzice». http://www.warfacts.org.yu/infrastructure/uzice.html. Henta 23. mars 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Užice