Zrenjanin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zrenjanin
Hovudplassen i Zrenjanin
Hovudplassen i Zrenjanin
Byvåpenet til Zrenjanin
Byvåpenet til Zrenjanin


Plassering
Zrenjanin is located in Serbia
Styresmakter
Land Flag of Serbia.svg Serbia
Region Vojvodina
Distrikt Sentral-Banat
Borgarmeister Goran Knežević
Geografi
Flatevidd
 - By

1 324 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2002)
   - folketettleik

132 051
  99,7 /km²
Koordinatar 45°22′0″N 20°23′0″EKoordinatar: 45°22′0″N 20°23′0″E
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 23000
Bilnummer ZR
Nettstad: www.zrenjanin.rs

Zrenjanin (serbisk Зрењанин, rumensk Becicherecu Mare, ungarsk Nagybecskerek, tysk Großbetschkerek) er ein by og kommune i Serbia. Han ligg nord i den serbiske provinsen Vojvodina og er det administrative senteret i Sentral-Banat i Serbia. I 2002 hadde byen om lag 80 000 innbyggjarar, medan kommunen hadde 132 051 innbyggjarar.

Zrenjanin er den største byen i den serbiske delen av Banat, den tredje største i Vojvodina (etter Novi Sad og Subotica) og den sjette største i Serbia.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Zrenjanin fekk det noverande namnet sitt i 1946 til ære for den revolusjonære helten Žarko Zrenjanin Uča (1902-1942). Žarko Zrenjanin var ein leiar for kommunistane i Vojvodina under den andre verdskrigen.

Det gamle serbiske namnet på byen var Bečkerek (Бечкерек) eller Veliki Bečkerek (Велики Бечкерек). På ungarsk vart byen kalla Nagybecskerek, på tysk Großbetschkerek eller Betschkerek, på rumensk Becicherecul Mare eller Zrenianin, på slovakisk Zreňanin, på rusin Зрењанин, på kroatisk Zrenjanin og på tyrkisk Beştelek eller Beçkerek.

Ein reknar med at det opphavleg namnet Bečkerek/Becskerek, kjem frå det ungarske ordet kerek («skog, lund») og etternamnet til adelsmannen Imre Becsei, som hadde store eigedomar her på 1300-talet. Namnet kan derfor tyde «skogen til Becsei». I 1935 fekk byen namnet Petrovgrad til ære for kong Peter I av Jugoslavia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen (Veliki) Bečkerek / (Nagy) Becskerek vart først busett på 1300-talet og først nemnd i 1326. Kjøpstaden ved elva Begej kom under den serbiske fyrsten Stefan Lazarević på 1300-talet. Byen vart styrt av Kongedømet Ungarn fram til 1551 då han vart erobra av Det osmanske riket.

Mehmed-paša Sokolović, grunnleggjaren av vakuf av Bečkerek

Den osmanske hæren erobra Bečkerek under Mehmed-paša Sokolović, ein osmansk statsmann med serbisk opphav. Dette førte til at dei lokale serbarane frå Bečkerek støtta han i erobringa. Etter byen fall, møtte Mehmed-paša leiarane av dei lokale serbarane og nominerte beg Malković som leiar i Bečkerek. Som takk for hjelpa serbarane gav, gjorde Mehmed-paša seinare (i 1570) byen til sin vakuf og bygde mange vakre byggverk og gav innbyggjarane lokalt sjølvstyre. I den osmanske perioden vart Bečkerek delt i to delar (mahala) - ein serbisk og ein muslimsk. Han var sanjaksenteret i provinsen Temeşvar.

I 1716 vart Bečkerek erobra av Habsbugsmonarkiet og utvikla seg mykje etter ordre frå Maria Teresia i 1769. I 1779 vart Bečkerek sete i Torontal fylke. Han vart okkupert av osmanske troppar i 1788-1789 under den osmanske-habsburgske krigen.

Ein storbrann øydela nesten heile byen i 1807, og fylkessetet vart mellombels flytta til Sânnicolau Mare, fram til eit nytt fylkeshus vart bygd i 1820. Bečkerek fekk eit teater i 1839 og eit gymnas i 1846, samt eit rådhus i 1820 og justispalass i 1908.

Under revolusjonen i 1848-1849 var byen ein de facto hovudstad i Serbisk Vojvodina, eit serbisk sjølvstyrt område i Habsburgmonarkiet. Mellom 1849 og 1860 var han ein del av det austerrikske kronlandet Vojvodina i Serbia og Tamiš Banat. Etter provinsen vart avskaffa vart byen innlemma i Torontál fylke og var det administrative senteret i dette fylket. Etter 1867 låg Bečkerek i den ungarske delen av Austerrike-Ungarn. Mot slutten av 1800-talet var byen hovudsakleg busett av ungarar og tyskarar.

Ei lita bru, ei protestantisk kyrkje og rettsalen

I 1910 hadde byen 26 006 innbyggjarar. Det er usikkert om det var ungarar eller serbarar som utgjorde mesteparten av innbyggjarane på denne tida. Byen hadde då litt over 1000 jødar, som hovudsakleg snakka ungarsk.

Etter den første verdskrigen vart byen ein del av Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar (seinare kalla Jugoslavia). Mellom 1918 og 1922 var byen senteret i eit fylke i kongedømet, mellom 1922 og 1929 var han ein del av Beograd oblast og mellom 1929 og 1941 var han ein del av Donau Banovina.

Mellom 1941 og 1944 var han okkupert av aksemaktene og vart ein del av det sjølvstyrte Banat i det tyskokkuperte Serbia. Frå 1945 vart Zrenjanin del av den sjølvstyrte provinsen Vojvodina i det nye sosialistiske Jugoslavia, og frå 1992 til 2003 i Den føderale republikken Jugoslavia, som så vart til statsunionen Serbia og Montenegro. Sidan 2006 har Zrenjanin høyrt til det sjølvstendige Serbia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]