Hopp til innhald

Çingiz Mustafayev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Çingiz Mustafayev

Fødd11. mars 1991 (33 år)
FødestadMoskva, Baku
AliasChingiz
OpphavAserbajdsjan
Aktiv2007–
Sjangerpop, folkemusikk
Instrumentvokal, gitar
Verka somsongar, låtskrivar

Çingiz Mustafayev (fødd 11. mars 1991) er ein aserbajdsjansk songar og låtskrivar, best kjend under artistnamnet Chingiz. Han representerte Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel med «Truth».[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mustafayev vart fødd i Moskva og flytta til Qazax i Aserbajdsjan då han var seks år gammal. Allereie som barn lærte han seg å spele gitar og byrja etter kvart å skrive sine eigne songar.[2]

Som 13-åring flytta Mustafayev til hovudstaden Baku saman med mor og broren. I 2007 prøvesong han i den aserbajdsjanske versjonen av Pop Idol. Han vann seinare tevlinga og vart ein kjend artist i den aserbajdsjanske musikkbransjen. I 2013 representerte han Aserbajdsjan i den internasjonale musikkfestivalen New Wave i Jūrmala i Latvia. Under festivalen song han duett saman med Polina Gagarina. Mustafayev enda til slutt på 11. plass i tevlinga.[3]. Tre år etter deltok Mustafayev i den ukrainske versjonen av The Voice, men vart slått ut i dei innleiande rundane. Sidan då har Chingiz opptredd med bandet sitt, Palmas, som sameinar tradisjonell aserbajdsjansk og tyrkisk folkemusikk med flamenco, rock og pop. Han har òg satsa på ein solokarriere og gav ut popsongen «Tenha gezen» i 2019.[4]

8. mars 2019 vart det offentleggjort at Chingiz skulle representere Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2019 med songen «Truth». I januar 2019 vart Aserbajdsjan trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Chingiz hadde startnummer 18 – det siste bidraget ut på scena.[5] I avrøystinga vart han blant dei ti beste i semifinalen, og Aserbajdsjan kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 18. mai.[6] I finalen enda Chingiz og «Truth» på åttandeplass.[7]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Chingiz to represent Azerbaijan at Eurovision 2019». EBU. 8. mars 2019. Henta 9. mars 2019. 
  2. «Chingiz – Eurovision Song Contest Tel Aviv 2019». EBU. Henta 9. mars 2019. 
  3. «Известны участники «Новой волны-2013»» (på russisk). 1. mai 2013. Henta 8. mars 2019. 
  4. «Will Azerbaijan select Chingiz Mustafayev for Eurovision 2019?». wiwibloggs. 5. februar 2019. 
  5. «Second Semi-Final of Tel Aviv 2019». EBU. Henta 5. mai 2019. 
  6. «Second Semi-Final: Last 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». EBU. 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019. 
  7. «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019.