Šárka Kašpárková

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Šárka Kašpárková


Statsborgarskap Tsjekkia, Tsjekkoslovakia
Fødd 20. mai 1971 (52 år)
Karviná
Idrett friidrett, korgball
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Utmerkingar

City of Brno Award, Masarykuniversitetets gullmedalje

Šárka Kašpárková (fødd 20. mai 1971) er ein tsjekkisk tidlegare friidrettsutøvar frå Karviná som vart verdsmeister i tresteghopp i 1997, og i tillegg vann OL-bronse i 1996 og EM-sølv i 1998.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kašpárková satsa opphavleg mest på høgdehopp i og oppnådde som best 1,92 m i den øvinga. I 1992 byrja ho å trene meir på den, for kvinner, nye øvinga tresteghopp, og tok seg til VM-finalen i 1993 og EM-finalen året etter. Det store internasjonale gjennombrotet kom i 1996. Under Sommar-OL i Atlanta sette Kašpárková ny personleg rekord med eit hopp på 14,98 m, like langt som Inna Lasovskaja sitt bestehopp. Sidan Lasovskaja hadde eit betre nestlengste hopp, tok ho sølvmedaljen og Kašpárková fekk bronsen. Ingen av dei to var i nærleiken av suverene Inessa Kravets som vart olympisk meister med sterke 15,33 m.

Året etter kom den store stunda for Kašpárková. I verdsmeisterskapen 1997 tok rumenske Rodica Mateescu leiinga i fyrste finaleomgang med eit hopp på 15,16 m. Ho leia til den femte omgangen då Kašpárková lukkast få til sitt livs lengste tresteghopp, målt til 15,20 m, nok til å sikre henne gullmedaljen. Eit år seinare var Kašpárková på ny sentral i ein tett medaljestrid ved friidretts-EM i Budapest. Her måtte ho nøye seg med sølvmedaljen, to centimeter bakom vinnaren og tre cm framom bronsemedaljøren.

Kašpárková var aktiv til 2006, men særleg etter 2000 låg prestasjonane langt unna tidlegare nivå, dels grunna skadar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]