Emil Berliner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Emil Berliner

Emil Berliner (20. mai 18513. august 1929) var ein tysk oppfinnar, kjent for å ha funne opp grammafonplata.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Frå 1861 til 1865 var han elev ved Samson-skulen i Wolfenbüttel. Seinare studerte han til kjøpmann og arbeidde så i eit trykkeri og sin slipsbutikk, for å hjelpa familien økonomisk. For å koma seg unna preussisk militærteneste utvandra han i 1870 til USA, og i 1881 vart han statsborgar der. Han arbeidde fyrst i ein kortevarebutikk i Washington. Deretter reiste han til New York, der han livnærte seg med ymse småjobbar. I 1875 tok han til å studera på kveldstid, samstundes som han på datid arbeidde han som flaskevaskar i eit laboratorim. Han bygde seg eit provisorisk laboratorium i husværet sitt, der han eksperimenterte med ymse elektriske innretningar.

Han laga fyrst ein mikrofon for eit av telefonapparata til Bell, som han i 1877 selde til Bell Telephone Company for $ 50.000. Pengane gjorde han økonomisk uavhengig, slik at han kunne konsentrera seg om å arbeida med utvikling av teknologiske innretningar.

Utviklinga av grammofonplata[endre | endre wikiteksten]

I 1887 søkte han patent på ei plate for lagring av lyd (ei grammafonplate), der rørslene til membranen modulerte rillene lateralt (sidevegs). Lateral modulering viste seg å vera mykje betre enn vertikal modulering, som på denne tida vart nytta for fonografar. Å ta opp lyd på ei skive hadde enda ein stor førmon over rullane som vart nytta i samband med fonografane, på det viset at dei kunne kopierast og mangfaldiggjerast. Det var platene til Berliner som la grunnlaget for 78-platene, og dei seinare mikrorilleplatene og stereoplatene. 78-platene dominerte opptak av lyd heit til bandopptakarar vart tilgjengelege etter 2. verdskrig. Saman med kringkasting via radio var grammofonplater det dominerande mediet for distribusjon av musikk til allmugen heilt fram til ca. midten av 1980-talet, då CD-platene tok over.

Føretakstiftingar[endre | endre wikiteksten]

I tidsbolken 1881 til 1883 var Berliner i Hannover, der han saman med brur sin, Joseph Berliner, stifta føretaket J. Berliner Telephongesellschaft, som produserte deler til telefonapparat. Berliner stifta fleire føretak for innspeling og produksjon av grammofonplater: Deutsche Grammophon Gesellschaft (1889), United States Gramophone Company (1892), The Gramophone Company (London) (1897) og Berliner Gram-o-phone Company of Canada (1999).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]