There's a Kind of Hush

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
There's a Kind of Hush
Singel av Herman's Hermits
frå albumet There's a Kind of Hush All Over the World
B-side «Gaslight Street» (UK), «No Milk Today» (USA)
Utgjeve Februar 1967
Sjanger Barokkpop
Lengd 2:31
Låtskrivar(ar) Geoff Stephens, Les Reed
Produsent Mickie Most
Herman's Hermits-kronologi
«East West»
(1966)
There's a Kind of Hush «Don't Go Out into the Rain (You're Going to Melt)»
(1967)


«There's a Kind of Hush» er ein popsong skriven av Les Reed og Geoff Stephens som vart ein hit i 1967 for Herman's Hermits og igjen i 1976 for the Carpenters.

Første innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart introdusert i 1966 på albumet Winchester Cathedral av gruppa til Geoff Stephens, the New Vaudeville Band. Som hitten deira «Winchester Cathedral», vart «There's a Kind of Hush» rekna som ein neo-britisk varieténummer sjølv om han var mindre innan denne stilen enn den førre songen. Den første singelversjonena v «There's a Kind of Hush» vart spelt inn i 1966 av Gary and the Hornets, eit tenåringsband frå Franklin i Ohio som vart ein regional suksess, men då singelen synte teikn på å bli ein nasjonal hit, kom Herman's Hermits-versjonen ut i USA i februar 1967 og nådde topp 30 på Billboard Hot 100 i løpet av tre veker, og nådde heilt til fjerdeplassen til slutt. Dette vart den siste topp 10-hitten til bandet i USA og selde til gullplate for ein million selde eksemplar i april det året. I Storbritannia nådde Herman's Hermits sin «There's a Kind of Hush» sjuandeplassen. Suksessen til Herman's Hermits gjorde at den originale New Vaudeville Band-versjonen vart gjeven ut som singel i somme land. Denne nådde 12. plassen i Australia, samstundes som Herman's Hermits-versjonen der nådde femteplassen.

Internasjonale singellister/ Herman's Hermits-versjonen

AUS AUT BEL

(FLE)

CAN FRA GER IRE MAL NLD NZ SGP SOA UK US
#5 #19 #16 #2 #21 #26 #7 #2 #15 #10 #2 #9 #7 #4

The Carpenters-versjonen[endre | endre wikiteksten]

There's a Kind of Hush (All Over the World)
Singel av The Carpenters
frå albumet A Kind of Hush
B-side «I'm Caught Between (Goodbye and I Love You)»
Utgjeve 12. februar 1976
Innspelt 1976
Sjanger Pop
Lengd 3:04
Selskap A&M
Produsent Richard Carpenter
The Carpenters-kronologi
«Solitaire»
(1975)
There's a Kind of Hush (All Over the World) «I Need to Be in Love»
(1976)


The Carpenters sin versjon av «There's a Kind of Hush»—kalla «There's a Kind of Hush (All Over the World)»—vart spelt inn for albumet A Kind of Hush i 1976 og var den første singelen frå albumet. Singelen nådde 12. plassen på Billboard Hot 100 og vart den 13. førsteplassen deira på easy listening-lista i USA.[1]

Sjølv om singelen vart populær indikerte han populariteten til Carpenters var på veg ned, sidan han var den første singelen etter Carpenters slo igjennom som ikkj nådde topp 5 sidan «Ticket to Ride» frå debutplata til gruppa i 1969. Albumet nådde berre 33. plassen i USA. «There's a Kind of Hush» vart verande den siste topp 20-hitten til Carpenters før «Touch Me When We're Dancing» i 1981.

Liste Plassering
US Billboard Hot 100 12
US Billboard Easy Listening 1
Canadian Singles Chart 8
Oricon (Japansk) singelliste 27
UK Singles Chart 22
Australian Singles Chart 33
New Zealand 5

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Fleire versjonar vart spelt inn av songen kring 1967, som John Davidson (A Kind of Hush), Engelbert Humperdinck (Release Me), the Lennon Sisters (Somethin' Stupid), Susan Maughan (Hey Look Me Over), Matt Monro (These Years) og Margaret Whiting (Maggie Isn't Margaret Anymore).

Pierre Lalonde spelte inn ein franskspråkleg versjon av songen kalla «Donne-moi ta bouche» i 1967.

Ed Ames spelte inn ein versjon av songen for albumet Who Will Answer? i 1968.

Sommaren 1968 nådde Karel Gott sjuandeplassen i Tsjekkoslovakia med ei utgåve av «There's a Kind of Hush» (på eneglsk). Ei tsjekkisk utgåve av songen kalla «Požehnej, Bože Můj» kom ut på Gott-albumet Poslouchejte! Karel Gott Zpívá Lásku Bláznivou A Další Hity i 1970.

Jo Stafford spelte inn «There's a Kind of Hush» i 1969 for albumet Big Bands/Big Hits.

Som «There's a Kind of Hush (All Over the World)» nådde songen 42. plassen på C&W-lista i 1972 med Brian Collins.

Dana spelte inn «There's a Kind of Hush» i 1976 for albumet Love Songs & Fairytales, som var produsert av låtskrivaren av songen, Geoff Stephens.

Perry Como spelte inn «There's a Kind of Hush» i 1977 for albumet The Best of British. Denne versjonen finst òg på Como-albumet Where You're Concerned frå 1978.

b-flower, eit japansk indieband, spelte songen på engelsk i 1999 på albumet Paint My Soul.

Bart Kaëll og Vanessa Chinitor spelte inn «There's a Kind of Hush» i lag i 2001 for Costa Romantica.

Johnny Mathis spelte inn «There's a Kind of Hush» i 2005 for albumet Isn't It Romantic.

I 2006 gav det eksperimentelle rockebandet Deerhoof ut songen på internetalbumet untitled EP.

Barry Manilow gav ut songen i 2006 for albumet The Greatest Songs of the Sixties.

Clay Aiken spelte inn songen i 2010 for albumet Tried and True.

«There's a Kind of Hush» har blitt spelt inn på nederlandsk som «'K voel me goed vandaag» av Dana Winner, på finsk som «Hetki Tää» av Taiska, og som «Hiljenee» av Finntrio, på fransk som «Qu'est-ce que tu deviens?» av Claude François, og på svensk som «Det är lugnt och tyst» av Towa Carson og Anne-Lie Rydé.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961–2001. Record Research. s. 47. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]