Abeba Aregawi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Abeba Aregawi

Abeba Aregawi Gebretsadik (fødd 5. juli 1990) er ein etiopisk tidlegare mellomdistanseløpar som åra 2013-16 tevla for Sverige. Ho vart verdsmeister på 1500 meter i 2013.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Aregawi representerte heimlandet til og med OL 2012. Ein månad før leikane i London sette ho etiopisk rekord på 1500 meter med 3.56,5. I London-OL enda ho på femteplass etter eit lureløp.

Som svensk borgar vann Aregawi 1500 meter både ved hall-EM 2013 i Göteborg og det store friidretts-VM i Moskva i august same året. I tida mellom dei to meisterskapane forbetra ho den svenske rekorden på 1500 meter til 3.56,6 då ho vann DL-stemnet i Doha den 10. mai. Under europameisterskapen 2014 i Zürich sprang Aregawi inn til sølv på spesialdistansen, klart slått av Nederlands Sifan Hassan, også ho ein utvandrar frå Etiopia.

I 2016 var Aregawi mistenkt for doping. Ein månad føre OL i Rio de Janeiro vart mistanken avvist. Ho valde likevel å flytte til Etiopia og legge opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]