Adventure Time

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Adventure Time er ein animert TV-serie laga av Pendleton Ward for Cartoon Network. Serien handlar om eventyra til ein gut med namnet Finn (spelt av Jeremy Shada) og bestevennen og adoptivbroren hans Jake (spelt av John DiMaggio), ein magisk hund som kan endre form og storleik når han vil. Finn og Jake bur i det post-apokalyptiske landet Ooo, der dei har samhandling med dei andre hovudpersonane i serien: Princess Bubblegum (spelt av Hynden Walch), Ice King (spelt av Tom Kenny) og Marceline the Vampire Queen (spelt av Olivia Olson). Serien er basert på ein kortfilm laga for Nicktoons 11. mars 2010, og hadde premiere 5. april same året. Per mai 2016 er serien på sin sjuande sesong. Det er planar om å lage ein langfilm av serien.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Adventure Time
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.