Air Greenland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Air Greenland


Org.formAktieselskab
CVR‑nummer35835296
Skipa1960
HovudkontorNuuk
LandGrønland, Danmark
Grunnleggjar(ar)SAS
Nettstadhttp://airgreenland.com
DHC-6 Twin Otter blir brukt som charterfly og til å tena Summit forskingsstasjon.

Air Greenland A/S er eit grønlandsk flyselskap. Det er eigd av dei grønlandske sjølvstyresmaktene med ein eigardel på 75 % og den danske staten med ein eigardel på 25 %. Selskapet har hovudkontor i Nuuk.[1] I 2009 var det 668 tilsette i heile konsernet.[1]

Air Greenland har ein flåte på 37 fly, inkludert ein Airbus A330-200 som blir brukte til transatlantiske flygingar og charteroperasjonar, 10 fastvrnga fly som tener det grønlandske nettverket og sambandet til Island, og 26 helikopter som transporterer passasjerar mellom mindre folkesette stader og det nasjonale nettverket av flyplassar.[2] Flyreiser til omliggande bygder opererer på kontraktar med dei grønlandske sjølvstyresmaktene.[3] Nettverket av destinasjonar blir koordinert av departementet for bustadbygging, infrastruktur og transport.[4]

Selskapet driv òg charterflygingar, taxiflygingar og spesialflygingar i samband med søk, redning og luftambulanseteneste.[5] Det har òg charterturar til Thule Air Base under kontrakt med US Air Force og turar til gruvedriftsområde og stasjonar på den grønlandske innlandsis.[1] I 2009 var lengda av det vanlege nettverket 14 235 km med ei gjennomsnittleg utleigegrad på 79,3 %.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

1960-åra[endre | endre wikiteksten]

Denne Sikorsky S-61N blei kjøpt i 1965 og er den eldste maskinen i flåten til selskapet.

Selskapet blei stifta 7. november 1960 som Grønlandsfly[6] og grunnlagt av SAS Group (då kjent som Scandinavian Airlines System) og Kryolitselskabet Øresund, eit gruveselskap med verksemd i Ivittuut. I 1962 blei eigarstrukturen utvida til å omfatta delar eigd av Grønlands Landsråd og Kongelige Grønlandske Handel.[7]

Dei fyrste turane til dei amerikanske basane på Grønland blei gjennomførte med lette DHC-3 Otter og S-55-helikopter, som ein chartra frå Canada.[6] Frå 1962 og framover brukte Grønlandsfly Catalina-sjøfly og DHC-6 Twin Otter på innanlandsrutene. I 1965 kom ein Douglas DC-4 i bruk som det fyrste store flyet, følgd av Sikorsky S-61-helikopter. Desse helikoptera har vore i bruk sidan då; frå 2010 har ein nytta dei ved Kujalleq i Sør-Grønland året rundt og byar og busetjingar i Diskobukta om vinteren.[2][8]

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

Bell 212 frå verksemda, som her startar frå Ukkusissat Heliport med destinasjon Uummannaq Heliport, tener òg den kommersielle gruvedrifta ved Maamorilik.

I løpet av 1970-åra investerte Grønlandsfly i ei utviding av helikopterflåten og auka talet på Sikorsky S-61 frå tre til åtte.[9] Dette gjorde at flyselskapet kunne utvida nettverket sitt i 1972[9] til å inkludera lokalsamfunn i Aust-Grønland med helikopterbase i Tasiilaq, då kjent som Ammassalik. Seinare byrja flyselskapet òg å fly med Douglas DC-6, ei oppgradering av den eldre DC-4-modellen.

Kommersiell gruvedrift ved Maamorilik på fastlandet nord for bygda Ukkusissat i det indre av fjorden, fremma vidare investeringar i helikopterflåten med dei nye Bell 206.[9] Gruva stengde i 1990, men opna igjen i 2010,[10] ettersom ein venta å kunna vinna ut førekomstar av sink og jernmalm i 50 år.[11] Forsyningsturar til gruva blei drivne av Air Greenland med dei nyare Bell 212-helikoptera frå Uummannaq Heliport.[12]

Flyselskapet har freista å utvida destinasjonsnettverket fleire gongar. Bortsett frå ruta til København, blei den fyrste internasjonale ruta opna i 1979 mellom Nuuk og Iqaluit i Nunavut i Canada, men denne måtte innstillast i 1992.[13] På slutten av 1970-åra auka passasjertalet frå selskapet per år til 60 000 eller meir enn den totale befolkninga på Grønland.[9]

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

Air Greenland bruker 102- og 103-variantar av Dash-7; 103-modellen, som er utstyrt med ei lastedør framme, her på Kulusuk flyplass.

På byrjinga av 1980-talet bestemte det nyoppretta Grønlands heimestyre seg for å investera i det regionale nettverket av flyplassar med rullebaner for korte takeoff og landingar (STOL) i Nuuk, Ilulissat og Kulusuk.[13] For å tena det utvida nettverket skaffa Grønlandsfly seg Dash-7,[13] som var spesielt tilpassa dei vanskelege vêrforholda på Grønland.[14] Det første Dash-7-flyet blei levert 29. september 1979, og fleire følgde det følgjande tiåret.[15]

Fleire flyplassar blei bygde utan avisingsutstyr, noko som er problematisk på Grønland om vinteren, og som ifølgje selskapet har medført økonomiske tap.[16] Dash-7-flya er framleis i aktiv teneste på Grønland og tener alle flyplassar bortsett frå Nerlerit Inaat lufthamn nær Ittoqqortoormiit, der tenestene blir utførte av Air Island under kontrakt med dei grønlandske sjølvstyresmaktene.[8][17]

I 1981 opna Grønlandsfly sin første rute til Island, som forbind det viktigaste sentrumet til selskapet i Kangerlussuaq lufthamn med Reykjavík lufthamn via Kulusuk flyplass.[13] Mot slutten av 1980-talet voks talet på tilsette til 400 og talet på passasjerar til over 100 000 årleg for fyrste gong.[13]

1990-åra[endre | endre wikiteksten]

Selskapet brukte ein Boeing 757-200 frå 1998 til 2010 på dei transatlantiske rutene Kangerlussuaq-København og København-Narsarsuaq.

I mai 1998 byrja Grønlandsfly flygingar med den fyrste jeten sin, ein Boeing 757-200. Selskapet fortsette tradisjonen sin med å gi flya sine kallenamn, og kalla det nye passasjerflyet «Kunuunnguaq» (vesle Knut) til ære for grønlandsutforskaren og -etnologen Knud Rasmussen. Ei byste av han prydar terminalen på Kangerlussuaq lufthamn, det viktigaste knutepunktet til flyselskapet.[18]

Med dette kjøpet hadde Grønlandsfly planar om å bryta flyselskapet SAS sitt monopol på den lønsame ruta Kangerlussuaq-København, og starta verksemda umiddelbart etter kjøpet. Nettverket av regionale flyplassar blei utvida i løpet av dette tiåret med fleire nye flyplassar på kortbanenettet: Sisimiut flyplass, Maniitsoq flyplass og Aasiaat flyplass på vestkysten av Grønland, og Qaarsut flyplass og Upernavik flyplass i Nordvest-Grønland.[18]

Med kjøpet av sitt femte Dash-7 blei Grønlandsfly i stand til å tena alle større byar på Grønland for fyrste gong, ettersom Uummannaq blir tent av Qaarsut lufthamn via heliporten ved Uummannaq. I 1999 hadde selskapet 282 000 passasjerar, nesten tre gongar så mange som på slutten av førre tiår.[18]

2000-åra[endre | endre wikiteksten]

Ny logo og dekor på motoren av Air Greenland sin Boeing 757-200 i Kangerlussuaq lufthamn.

På slutten av 1990-talet og tidleg på 2000-talet freista flyselskapet å fornya den aldrande flåten sin og tok ut fleire av helikoptera sine S-61 og 206 for å erstatta dei siste med Bell 212 og eit AS350 Eurocopter.[18] 18. april 2002 skifta selskapet namn frå Grønlandsfly til Air Greenland og introduserte heilt raude fly og ein ny logo.[19]

I 2003 gav SAS opp ruta mellom Grønland og København, og Air Greenland var då det einaste flyselskapet som tilbaud samband mellom Grønland og resten av Danmark. Selskapet var i stand til å fylla holet med den nyinnkjøpte Airbus A330-200 med kallenamnet «Norsaq», det andre store passasjerflyet i flåten til flyselskapet.[19] SAS tok opp att ruter til Grønland i 2008, men gav opp igjen i januar 2009

I 2003 vann Air Greenland ein kontrakt med US Air Force om drifta av Thule Air Base (ein kontrakt tidlegare SAS tidlegare hadde hat), og flyrutene byrja i februar 2004.[20] Kontrakten blei fornya for ein femårsperiode i 2008.[21]

Ruta frå Kulusuk lufthamn til Island, der selskapet tidlegare nytta Dash-7, blei overlevert til Air Iceland, som har kontrakt med sjølvstyret.[17]

28 juli 2006 kjøpte Air Greenland selskapet Air Alpha Greenland, eit dotterselskap av Air Alpha, som har base i Odense. Det oppkjøpte selskapet opererer helikopterflygingar i Diskobukta og Aust-Grønland. Sidan overtakinga har selskapet òg nytta Bell 222 til passasjeroverføringar mellom Nerlerit Inaat lufthamn og heliporten i Ittoqqortoormiit.[22][23]

13. juni 2007 annonserte SAS Group ein intensjon om å selja aksjane sine i Air Greenland,[24] eit trekk som seinare blei innlemma i Core SAS, omstillingsprogrammet i gruppa.[25][26]

1 oktober 2007 innførte flyselskapet eit elektronisk bestillingssystem.[27] Ei rute til Baltimore i Maryland i USA opna sommaren 2007, men på grunn av søkkande billettsal blei ho avslutta i mars 2008.[27] Air Greenland tenkte å gjenopna sambandet til Iqaluit i slutten av 2009, men avgjerda blei utsett til tidlegast 2011.[28] I 2009 frakta selskapet 399 000 passasjerar.[1]

2010-åra[endre | endre wikiteksten]

Kabintilsette i Greendland Air sin 757-200, som blei selt i april 2010.

1. januar 2010 suspenderte Air Greenland deltakinga si i Scandinavian Airlines sitt Eurobonus-program.[29] I april selte det sin Boeing 757-200, «Kunuunnguaq», og deretter blei ruta Narsarsuaq-København operert med ein Boeing 757-200 leia frå Air Finland.[30]

I 2010 blei denne tenesta etter turistsesongen (mai-september) erstatta av eit samband frå Narsarsuaq til København med transitt i Kangerlussuaq, der fyrste etappe blei tent av det nyinnkjøpte de Havilland Canada Dash-8 Q200.[31][32]

For å konkurrera med Air Island som opererer på Nuuk, Narsarsuaq, Ilulissat og alle flyplassar på austkysten,[33] har Air Greenland opna nye ruter til Island[34] og floge frå Nuuk og Narsarsuaq til Keflavík lufthamn.[35] I 2010 var ruta open frå mai til september med ei mogleg utviding til drift året rundt frå 2011.[36]

I 2019 selde SAS eigardelen sin på 37,5 % til dei grønlandske sjølvstyresmaktene etter å ha vore inne på eigarsida i 50 år.[37]

Bell 212 fraktar passasjerar mellom helikopterplassar og regionale flyplassar.

Dotterselskap[endre | endre wikiteksten]

Departementet for bustadbygging, infrastruktur og transport fører tilsyn med utviklinga av transportsektoren på Grønland[38] og påverkar avgjerdene tekne av heilt eller delvis offentlege selskap, inkludert lufthamnskattane til Mittarfeqarfiit, prispolitikken til Air Greenland, ferjetenester som supplerer nettverket av flyplassar og heliportar, og dessutan utviklingsstrategien for turismen på Grønland.[4]

Arctic Umiaq Line[endre | endre wikiteksten]

Med ein eigardel på 50 % er Air Greenland medeigar i Arctic Umiaq Line, ei passasjer- og godsferje som bind saman kystsamfunn frå Ilulissat i nord til Narsaq i sør.[7][39]

Ferja gjekk inn i ein turbulent periode frå slutten av 2000-åra. Dei årlege bidraga frå sjølvstyret var 5 millionar kroner (DKK),[40] men bruken av midla blei kritisert, og avgjerda om å selja eit av dei to skipa i flåten blei utfordra.[41] Det bidrog til trusselen om konkurs innan utgangen av 2010.[42] Royal Arctic Line annonserte seinare at tapsgarantiar var sikra gjennom 2016 etter årleg støtte frå det grønlandske heimestyret.

Air Greenland-hangarar på den tekniske basen til selskapet ved Nuuk lufthamn.

Reiselivsverksemder[endre | endre wikiteksten]

Air Greenland er eineeigar av Hotel Arctic A/S, eit hotell og reisebyrå basert i Ilulissat, og World of Greenland, eit reiseselskap basert i Ilulissat.[43] Flyselskapet eig òg Greenland Travel, eit pakkereisebyrå med base i København.[1][39]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Contact». Air Greenland. Arkivert frå originalen 26. april 2010. Henta 17. mai 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Fleet: Aircraft and Helicopters». Air Greenland. Arkivert frå originalen 24. mai 2010. Henta 16. mai 2010. 
  3. «Trafikforhold» (på dansk). Government of Greenland. Arkivert frå originalen 9. august 2010. Henta 17. mai 2010. 
  4. 4,0 4,1 «Ministry of Housing, Infrastructure and Transport». Government of Greenland. Arkivert frå originalen 13. februar 2010. Henta 17. mai 2010. 
  5. «Charter». Air Greenland. Henta 17. mai 2010. 
  6. 6,0 6,1 «Grønlandsfly 1960-69» (på dansk). Air Greenland. Arkivert frå originalen 28. mai 2010. Henta 16. mai 2010. 
  7. 7,0 7,1 «Hotel Arctic». Hotel Arctic. Arkivert frå originalen 31. oktober 2009. Henta 16. mai 2010. 
  8. 8,0 8,1 «Booking system». Air Greenland. Arkivert frå originalen 22. april 2010. Henta 16. mai 2010. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 «Grønlandsfly 1970-79» (på dansk). Air Greenland. Arkivert frå originalen 28. mai 2010. Henta 16. mai 2010. 
  10. «Maarmorilik udvides». Kalaallit Nunaata Radioa (på dansk). 27. april 2010. Henta 17. mai 2010. 
  11. «Maarmorilik har zink og jern til 50 år». Kalaallit Nunaata Radioa (på dansk). 27. april 2010. Henta 17. mai 2010. 
  12. «Black Angel News, the newsletter about the Black Angel Project in Greenland» (PDF). Angelmining plc. Arkivert frå originalen (PDF) 19. mars 2016. Henta 19. mai 2010. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 «Grønlandsfly 1980-89» (på dansk). Air Greenland. Arkivert frå originalen 28. mai 2010. Henta 17. mai 2010. 
  14. Michael Binzer (Air Greenland). (2003) (på engelsk). Air Greenland Airbus A330-200, Boeing 757-200, Dash 7 & Sikorsky 61. [DVD]. Just Planes Videos. ISBN 1-931438-85-4. 
  15. «Suluk 2010 No.1» (PDF) (på engelsk). Air Greenland. Arkivert frå originalen (PDF) 9. juni 2010. Henta 7. juni 2010. [daud lenkje]
  16. «Defective equipment costs Air Greenland millions». Sermitsiaq. 18. november 2008. Arkivert frå originalen 25. mai 2012. Henta 16. mai 2010. 
  17. 17,0 17,1 «Annual Report 2006». Icelandair Group. Arkivert frå originalen 13. juli 2011. Henta 19. mai 2010. 
  18. 18,0 18,1 18,2 18,3 «Grønlandsfly 1990-99» (på dansk). Air Greenland. Arkivert frå originalen 28. mai 2010. Henta 16. mai 2010. 
  19. 19,0 19,1 «Air Greenland 2000-09» (på dansk). Air Greenland. Arkivert frå originalen 28. mai 2010. Henta 16. mai 2010. 
  20. «Annual Report 2004» (PDF). Air Greenland. Arkivert frå originalen (PDF) 7. juli 2011. Henta 16. mai 2010. 
  21. «Air Greenland skal fortsat servicere Thule Air Base». Sermitsiaq (på dansk). 22. august 2008. Arkivert frå originalen 30. august 2008. Henta 16. mai 2010. 
  22. «Air Greenlandip Air Alpha Greenland pisiarilerpaa». Kalaallit Nunaata Radioa (på grønlandsk (kalaallisut)). 28. juli 2006. Henta 17. mai 2010. 
  23. «Air Alphas epoke i Grønland slut». Kalaallit Nunaata Radioa (på dansk). 28. juli 2006. Henta 18. mai 2010. 
  24. «New direction will ensure SASs future». SAS Group. 13. juni 2007. Arkivert frå originalen 23. juli 2011. Henta 17. mai 2010. 
  25. «SAS i krise: SAS-sjefen har stor tro på fremtiden». e24.no. 3. februar 2009. Henta 17. mai 2010. 
  26. «SAS sælger Air Greenland aktier». Sermitsiaq (på dansk). 3. februar 2009. Arkivert frå originalen 7. februar 2009. Henta 17. mai 2010. 
  27. 27,0 27,1 «Annual Report 2008» (PDF). Air Greenland. Arkivert frå originalen (PDF) 24. mai 2010. Henta 19. mai 2010. 
  28. «Iqaluit rute udsat». Sermitsiaq (på dansk). 18. september 2009. Arkivert frå originalen 28. september 2009. Henta 17. mai 2010. 
  29. «Air Greenland dropper Eurobonus». Sermitsiaq (på dansk). 21. oktober 2009. Arkivert frå originalen 15. august 2011. Henta 17. mai 2010. 
  30. «Farvel til Kunuunnguaq». Sermitsiaq (på dansk). 26. april 2010. Arkivert frå originalen 30. april 2010. Henta 17. mai 2010. 
  31. «Stor interesse for debat med Binzer». Sermitsiaq (på dansk). 18. november 2009. Arkivert frå originalen 22. november 2009. Henta 17. mai 2010. 
  32. «Fleet: Aircraft and Helicopters: Dash-8-200». Air Greenland. Arkivert frå originalen 23. august 2010. Henta 17. mai 2010. 
  33. «Air Iceland's Destinations». Air Iceland. Arkivert frå originalen 5. juni 2006. Henta 19. mai 2010. 
  34. «Stor interesse for debat med Binzer». Sermitsiaq (på dansk). 18. november 2009. Arkivert frå originalen 22. november 2009. Henta 17. mai 2010. 
  35. «Erhvervsliv raser mod Air Greenland». Sermitsiaq (på dansk). 14. april 2010. Arkivert frå originalen 15. april 2010. Henta 17. mai 2010. 
  36. «Erhvervsliv raser mod Air Greenland». Sermitsiaq (på dansk). 14. april 2010. Arkivert frå originalen 15. april 2010. Henta 17. mai 2010. 
  37. «Snipp, snapp, snute, så var Air Greenland-eierskapet ute». e24.no (på norsk bokmål). Henta 6. juli 2022. 
  38. «Ministry of Housing, Infrastructure and Transport». Government of Greenland. Arkivert frå originalen 13. februar 2010. Henta 17. mai 2010. 
  39. 39,0 39,1 «Subsidiary Companies». Air Greenland. Arkivert frå originalen 24. mai 2010. Henta 16. mai 2010. 
  40. «Uvis skæbne for kystsejlads». Sermitsiaq (på dansk). 27. januar 2010. Arkivert frå originalen 27. april 2020. Henta 17. mai 2010. 
  41. «Tidligere AUL-direktør stævnet for 15,5 millioner kroner». Sermitsiaq (på dansk). 10. september 2009. Arkivert frå originalen 13. september 2009. Henta 17. mai 2010. 
  42. «Vil undgå at AUL begynder at afvikle». Sermitsiaq (på dansk). 27. november 2009. Henta 17. mai 2010. [daud lenkje]
  43. «Om World of Greenland», World of Greenland (på dansk), henta 10. oktober 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Air Greenland