Salamiyah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Al-Salamiyah)
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 35°0′42.48″N 37°3′9″E
Salamiyah
سلمية
by
Salamiyya,view.jpg
Salamiyah
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Hama guvernement
Distrikt Salamiyah-distriktet
Høgd 475 moh.
Koordinatar 35°0′42.48″N 37°3′9″E
Folketal 66 724 (2004)
Grunnlagd 3500 fvt.
Tidssone EET (UTC+2)
Retningsnummer 33
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Salamiyah
Moské i Salamiyah.

Salamiyah (arabisk سلمية, Salamīya) er ein by og eit distrikt vest i Syria i Hama guvernement. Han ligg 33 km søraust for Hama, 45 km nordaust for Homs. Byen har kallenamnet «mora til Kairo» fordi han var fødestaden til den andre fatimidekalifen Muhammed al-Qaim Bi-Amrillah, og dynastiet hans grunnla etter kvart byen Kairo, og var det tidlege hovudkvarteret til faren hans Ubayd Allah al-Mahdi Billah som grunnla Fatamide-kalifatet. Byen er eit viktig senter for sekta nizari-ismailiar og fødestaden til diktaren Muhammed al-Maghut. Folketalet i byen er 66 724 (2004).[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Salamiyah er ein eldgamal by som først vart kjend på babylonsk tid kring 3500 fvt. Han var busett av sumerarar kring 3000 fvt., amorittar kring 2400 fvt., aramearane kring 1500 fvt. og nabatearar kring 500 fvt. Byen vart øydelagd for førte gongen av assyrarne i år 720 fvt. Han vart bygd opp att og vart ein del av Romarriket og herska av kongefamilien Emesa, eit romersk vasall-kongedøme, der dei bygde den kjende Chmemisborga over restane av ein tidlegare vulkan, 5 km nordvest for Salamiyah.

I bysantinsk tid, eksisterte Salamiyah som eit kristent senter med sin eigen autokefalisk erkebiskop, før byen vart øydelagd for andre gong av ein persiske invasjon av Syria kring under den dei bysantinsk-sassanidiske krigane av kommandanten Kisra Ibrawiz som la byen i grus. Byen vart bygd opp att i islamsk tid av Abdullah ibn Saleh ibn Ali al-Abassi, abbaside-guvernøren i det sørlege og sentrale Syria, i 754 og vart busett av hashimittar under abbasidane og sonen til al-Abbasi, Muhammed ibn Abdullah ibn Saleh gjorde byen til eit viktig handelssenter.[2]

I følgje ismailittar-muslimar, døydde imamen deira Isma'il ibn Jafar i byen og vart gravlagd her på 700-talet. Byen vart det løynde hovudkvarteret til ismailittar-rørsla frå tidleg på 800-talet fram til 902, og det var her det vart sendt ut misjonærar som preika ismailittar-læra i forskjellige regionar. Det var frå Salamiyah at ismailittar-imamane i løyndom styrte aktivitetane til følgjarane sine frå Nord-Afrika til Persia, Aserbajdsjan og Sentral-Asia. I følgje motstridande soger, skal ismailittar-imamen, og den første fatimide-kalifen, Ubayd Allah al-Mahdi Billah anten ha vore fødd i Salamiyah eller kome til byen i 882 frå Khuzistan, i dagens Iran der han vart oppfostra av onkelen sin Abul Shalaghlagh Hujjah (òg kalla Lahiq) eller den andelege leiaren for ismailittane i Salamiyah, som var ein av tolv ismailittarsamfunn på den tida. Sonen til Ubayd Allah, Muhammed al-Qaim Bi-Amrillah, ein ismailittar-imamen og den andre fatimide-kalifen, vart fødd i Salamiyah seint på 800-talet, og både begge drog frå byen for å oppretta Fatimide-staten nord i Afrika tidleg på 900-talet.

Etter at Abul Shalaghlagh døydde i 899, oppstod det ein stridmellom Salamiyah-ismailittane fordi det ikkje var mannlege arvingar att og fordi han visstnok hadde utpeikt nevøen sin Ubayd Allah som den andeleg etterfølgjaren sin, og leiaren for ismailittar-rørsla i Salamiyah. Deretter oppstod det eit skisma då Ubayd Allah krav på leiarskap for seg sjølv og etterkomarane sine. Hamdan Qarmat og 'Abdan, som tidlegare kan ha drive litt bort frå læra som vart spreidd av leiarane, avslutta støtta si. Følgjarane til Qarmat vart etter kvart kjend som karmatittane, og etter Ubayd Allah flykta frå Salamiyah for å grunnleggje fatimide-staten i Nord-Afrika i 899, avviste karamittane legitimiteten til fatimidane. I 903 vart Salamiyah øydelagd for tredje gongen av opprørske karamittar.

Salamiyah er nemnt av historikarar som ein særs liten by på grunn av øydeleggingane til karamittane, fram til tidleg i den osmanske perioden, då han var fråflytta på grunn av stadige beduin-åtak. Salamiyah vart bygd opp att då den osmanske sultanen Abdul Hamid II gav løyve til dette gjennom ein firman i juli 1849 til ismailittarttar leia av Ismail bin Muhammed, ismaili-emiren av Qadmus nord i Syria. Ismailittar frå Qadmus og Masyaf emigrerte til den nybygde byen som først var busett av berre seksten familiar i, og i 1861 hadde han vorte ei jordbruksbygd. Den siste store ismailittar-innflyttinga til Salamiyah skjedde i 1919.

Salamiyah er i dag de største senteret for ismailittar-muslimar i den arabiske verda. Leivningane etter prins Aly Khan, faren til den noverande Nizari ismailittar-imamen Aga Khan IV, er gravlagde i byen. Hovudkvarteret til ismailske shia-høgrådet i Syria ligg i byen, og det same gjer mange Jama'at Khana. På midten av 1900-talet vart Salamiyah meir religiøst mangfaldig og den førte sunni-moskeen vart bygd, og i dag finst det kring ti sunni-moskeaar og sjiamuslimane sin Ja'fari-moské. I dag er litt meir enn halvparten av innbyggjarane i byen ismailittar.[3]

I 1934 vart Muhammed Maghut, diktaren som har fått æra av å innføre fri vers i arabisk poesi, fødd i Salamiyah.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Byen er eit jordbrukssenter og økonomien er i stor grad basert på jordbruk. Maté er særs populært i Salamiyah og ein drikk som er kulturelt viktig i sosiale førekomstar.

Turistmål[endre | endre wikiteksten]

  • Eit tyrkisk bad med unik arkitektur, truleg frå tida til Ajjubide-dynastiet era, ligg i sentrum av byen, nær den store underjordiske og bysantinske cisternen som vart sagt å føre heile vegen til Shmemisborga. Det finst òg ein mur frå det gamle bysantinske citadellet.
  • Borga av romersk-gresk opphav
  • Murar, bygd opp av Imad ad-Din Zengi
  • al-Imam Ismail-moskéen, som ein gong vart bygd som eit gresk tempel for Zevs og seinare omgjort til ei kyrkje i bysantinsk tid.
  • Restane av romerske kanalar nytta innan jordbruket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Salamyah folketal
  2. Sjå Ya'qubi, sitet i le Strange, 1890, s. 528
  3. Syria's diverse minorities, BBC, 9 December 2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]