Al-Sayyid i Israel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°17′04″N 34°54′58″E
al-Sayyid
א-סייד, السيد
landsby
Al-Sayyid.jpg
Inngangen til al-Sayyid
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune al-Kasom
Koordinatar 31°17′04″N 34°54′58″E
Folketal 3 057 (2012) [1]
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Al-Sayyid

al-Sayyid eller al-Sayed (arabisk السيد; hebraisk skrift א-סייד) er ein beduin-landsby i Israel. Han ligg i Negevørkenen mellom Arad og Beersheba og like sør for Hura, og høyrer til al-Kasom regionale kommune. I 2012 var folketalet i landsbyen på 3 057.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Privathus i al-Sayyid.

Den munnlege soga til stamma fortel at den første leiaren deira flytta til området frå Egypt ein gong i byrjinga av 1800-talet.[2] Dei slo seg ned mellom andre beduinstammer kring Beersheba og levde av landet der. Dei andre stammene nekta å gifte bort døtrene sine til al-Sayyid-klanen, som var kjende som «dei utanlandske fellahin.» Etter kvart klarte høvdingen i stamma å gifte bort sønene sine til kvinner frå Gaza-området. Men den låge sosiale statusen dei hadde gjorde at dei lenge vart avvist lokalt, så den neste generasjonen byrja å gifte seg med syskenbarn, ein trend som heldt fram i fem generasjonar. Sjølv i dag har andre stammer veto mot å ekteskap med al-Sayyid-klanen.[3]

Dei sosiale skilnadane mellom stamma og naboane førte til motstand då det var planar om å legge landsbyen til den nærliggande byen Hura (som vart grunnlagd i 1989). I staden vart landsbyen plassert under Abu Basma regionale kommune. Han vart offisielt godkjend som busetnad av regjeringa den 29. september 2003.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 7. september 2015. 
  2. al-Sayyid at the official Abu Basma regional kommune page (hebraisk)
  3. One in twenty Haaretz, 2 June 2004
  4. Government resolutions passed in recent years regarding arabarane population of Israel The Abraham Fund Initiative

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]