Arad i Israel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 31°15′21.44″N 35°12′47.36″E
Arad
עֲרָ, عِرَادَ
by
none  Flyfoto av Arad
Flyfoto av Arad
Våpenskjold
Namneopphav: Etter Tel Arad
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Det sørlege distrikt
Koordinatar 31°15′21.44″N 35°12′47.36″E
Areal 93,14 km²
Folketal 23 400 (2009) [1]
Grunnlagd 21. november 1962
 - Bystatus 1995
Borgarmeister Tali Ploskov
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Arad, Israel
Nettstad: http://www.arad.muni.il

Arad (hebraisk skrift עֲרָד; arabisk عِرَادَ) er ein by i Det sørlege distriktet i Israel. Han ligg på grensa mellom Negev- og Judeaørkenen, 25 kilometer vest for Daudehavet og 45 km aust for Beersheba. Byen har ein mangfaldig folkesetnad på 23 400[1] inkludert askenasiske og sefardiske jødar, både sekulære og religiøse, beduinar og svarte hebrearar, i tillegg til nye immigrantar. Byen er kjend for den reine, tørre lufta og er ein stor attraksjon for astmatikarar verda over.[2][3]

Etter forsøk på å busette området i 1920-åra, vart Arad grunnlagd i november 1962 som ein israelsk utviklingsby, den første planlagde byen i Israel. Folketalet i Arad voks raskt med innvandringa i 1990-åra og nådde ein topp i 2002 med 24 500 innbyggjarar.

Landemerke i Arad er mellom anna ruinane av Tel Arad, Aradparken, ein innlands flyplass og den første lovlege veddeløpsbanen i Israel. Byen er kjend for den årlege musikkfestivalen på sommaren, Aradfestivalen.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ruinane av Tel Arad.

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Arad har fått namn etter ein by frå Bibelen, den kanaanittiske byen som låg ved Tel Arad, som ligg kring 8 km vest for den moderne Arad.[5] Bibelen (Domarane 1:16) skildrar han som ein kanaanittisk skanse der kongen hindra israelittane frå å flytte frå Negev til Judeafjella, sjølv om Tel Arad var øydelagd over 1 200 år før israelittane kom. Krønikene til Shoshenq I verkar å nemne ein busetnad i Tel Arad. I bysantinsk tid var staden framleis korrekt identifisert av Eusebius, og namnet «Arad» var bevart av beduinane.[6]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

Det første moderne forsøket på å busetje området vart gjort av Yishuv, dei jødiske innbyggjarane i Palestinamandatet, den 23. februar 1921, då dei britiske mandatstyresmaktene tillet tidlegare soldatar frå den jødiske legionen å slå seg ned i området. Ni menn og to kvinner prøvde seg, men etter fire månader måtte dei flytte fordi det ikkje var vatn i området.[5]

Staten Israel[endre | endre wikiteksten]

Den 15. november 1960 vart gruppe planleggarar utpeikt av den israelske regjeringa til å undersøke høvet for ein nordaust i Negevørkenen og Arad-området. 13. januar 1961 valte ein den endelege plasseringa til den nye byen (3,5 km sørvest for Kidodfjellet), i tillegg til detaljar kring infrastruktur. I mars 1961 vart det lagt ein fullstendig byplan for ein by for 10 000 og så 20 000 innbyggjarar, med tilhøyrande kart. Yona Pitelson var sjefsarkitekt for byen og viktig i utforminga.[7]

Byplanen tok omsyn til topografien og klimaet i området. Byggjeblokker vart bygde slik at dei verna store innandørsområde for ørkensola og vindane. Tettare bustadområde vart bygde først, før å gje folk ei kjensle av ein by og korte ned gangavstandane.[8]

Den opphavlege byplanen for Arad

Fundamentet for den moderne Arad vart lagt då oljeselskapet Nefta bygde ein arbeisleir i området i juli 1961, som bestod av seks midlertidige skur, etter at det vart funne olje der av kommersielle verdiar.[7][9] Sjølve byen vart offisielt grunnlagd i 1962 av ei gruppe unge israelarar, dei fleste av dei tidlegare kibbutz- ogmoshav-medlemmar, som søkte eit miljø fri for byproblem som overbefolking, trafikk, støy og forureining.[10] Grunnleggjingsseremonien vart halden den 21. november, og den dåverande statsministeren David Ben-Gurion deltok. Det var ein av dei siste utviklingsbyane som vart grunnlagd.[11] I følgje nettsaden til byen er Arad den første planlagde byen i Israel.[12]

Fram til 1964 budde det kring 160 familiar i Arad, dei fleste av dei innfødde. Etter 1971 byrja Arad å ta i mot jødiske immigrantar, hovudsakleg frå Sovjetunionen, men òg frå engelsktalande land og Latin-Amerika, og folketalet steig frå 4 000 i 1969 til 10 500 i 1974. Den første halvdelen av 1990-åra tok Arad i mot 6 000 immigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen.[6] Statsminister Yitzhak Rabin gav Arad bystatus den 29. juni 1995.[13]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Arad ligg stort sett vest og sørvest for Kidodfjella og Aradsletta,[14] som markerer sørvestenden av Judeaørkenen. Han ligg 23 km vest for sørenden av Daudehavet, og via veg ligg han 45 km aust for Beershea, 111 km sør for Jerusalem, 138 km søraust for Tel Aviv og 219 km nord for den sørlegaste byen i landet, Eilat.[15]

Byen dekkjr eit område på 93 kvadratkilometer,[16] og er ein av dei største kommunane etter areal i Israel, sjølv om sjølve byområdet er mykje mindre.[17] Den historiske staden Tel Arad og Aradåarken (òg kalla Ran Grove) ligg òg innafor kommunegrensene, vest for bykjernen. Arad har ei eiga flystripe. Kommunen grensar til Tamar og Abu Basma regionale kommunar, og den næraste lokale kommunen til Arad er den beduinske lokal kommunen Kuseife.

Kidodelva (Wadi Kadada)
Pra'imelva

Arad ligg i ei høgd på mellom 360 og 630 meter over havet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1964 og 1974 var middeltemperaturen i Arad i januar 11 °C og i juli 27 °C. Årsmiddelnedbøren mellom 1960 og 1990 var 150 mm,[16] og 158 mellom 1962 og 1978.[18] Arad ligg dermed i eit tørt område, der nedbøren hovudsakleg kjem i vintermånadane desember til februar. Han får ved sjeldne høve snø. To massive snøstormar råka byen i 1991-1992 og i januar 2008.[19][20]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population». Israelsk statistisk sentralbyrå. 2009-12-31. http://www.cbs.gov.il/population/new_2010/table3.pdf. Henta 8. april 2015. 
  2. Kantor SZ, Frank M, Hoch-Kantor D; et al. (1966). «Airborne allergens and clinical response of asthmatics in Arad, a new town in a desert area i Israel». The Journal of allergy 37 (2): 65–74. PMID 5217164. doi:10.1016/0021-8707(66)90122-5. 
  3. Frank M, de Vries A (1967). «Further observation on the clinical response of asthmatic settlers in Arad i Israel». The Journal of allergy 40 (3): 182–183. PMID 5231431. doi:10.1016/0021-8707(67)90007-X. 
  4. Arad festival returns to its rock roots
  5. 5,0 5,1 Vilnai, Ze'ev (1979). «Arad». Ariel Encyclopedia. Volume 7. Israel: Am Oved. pp. 6002–6003.  (he)
  6. 6,0 6,1 Mapa's concise gazetteer of Israel. El'azari, Yuval (ed.). Tel Aviv i Israel: Mapa Publishing. 2005. s. 434–435. ISBN 965-7184-34-7.  (he)
  7. 7,0 7,1 «Arad – First Days – Preface». Arad Historical Museum. Arkivert frå originalen den June 21, 2007. http://web.archive.org/web/20070621032532/http://www.arad-museum.com/historyofarad.html. Henta 5. september 2015.  (he)
  8. Efrat, Elisja (2009). Tzameret, Tzvi, red. The Development Towns. Idan Series #24. Yad Ben Zvi. s. 53–55. ISBN 978-965-217-298-3.  (he)
  9. Ben Yosef, Safi (general); Menahem Marcus (volume), red (2001). «Arad». The New Israel Guide. Volume 14. Jerusalem, Israel: Keter Publishing House. pp. 196–197. ISBN 965-07-0902-9. 
  10. HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel. Miskal – Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 781–782. ISBN 965-448-413-7.  (he)
  11. Krausz, Ernest; Glanz, David; Antonovsky, Aaron (1980). Studies of israelske Society. Transaction Publishers. s. 225. ISBN 0-87855-369-X. 
  12. «Arad – to Live Quality». Arad Municipality. Arkivert frå originalen den 4. oktober 2008. http://www.arad.muni.il/89.html. Henta 5. september 2015.  (he)
  13. «Visitor's Card». Arad Municipality. http://www.arad.muni.il/2.html. Henta 5. september 2015.  (he)
  14. Shmueli, Avshalom; Gardus, Yehuda, red. (1978–79). The Land of the Negev (engelsk title). Vol. 2. Tel Aviv i Israel: Det israelske forsvarsdepartementet. s. 575.  (he)
  15. «Driving Avstands». Israel Travel Tips. Arkivert frå originalen den 27. september 2008. http://www.israel-travel-tips.com/en/132/Israel%20Travel/Driving%20Avstands. Henta 5. september 2015. 
  16. 16,0 16,1 «Local Authorities in Israel 2005, Publication #1295 – Municipality Profiles – Arad» (på he) (PDF). Israel Central Bureau of Statistics. http://www.cbs.gov.il/publications/local_authorities2005/pdf/234_2560.pdf. Henta 2007-11-25. 
  17. Esther Levinson, red. (April 1994). Statistical Yearbook for the Negev, #1 1993. Beersheba i Israel: Mi UMa Tikshoret Mekomit. s. 40.  (he)
  18. Shmueli, Avshalom; Gardus, Yehuda, red. (1978–79). The Land of the Negev (engelsk tittel). Vol. 2. Tel Aviv i Israel: Det israelske forsvarsdepartementet. s. 573.  (he)
  19. Blizzard of 2008 Update, 18. august 2014, http://www.israelnationalnews.com/News/Flash.aspx/140680, henta 31. mars 2015 
  20. «Daily Herald – Rare Snowstorm paralyzes cities throughout Mideast». Daily Herald. 1992-01-03. http://www.newspaperarchive.com/LandingPage.aspx?type=nlp&search=1991%20-åranow%20negev&img=\\na0033\6769623\25690341.html. Henta 31. mars 2015. 
  21. «Dinslaken-Arad (omsetjing av Google)». Dinslaken-Arad.de. http://translate.google.com/translate?hl=en&sl=de&u=http://www.dinslaken-arad.de/&sa=X&oi=translate&resnum=2&ct=result&prev=/search%3Fq%3DDinslaken%2Barad%26hl%3Den. Henta 30. mars 2015. 
  22. «Sister Cities – The City Diplomacy of Burlington, Vermont». http://www.ci.burlington.vt.us/sistercities. Henta 5. september 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]