Drijat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°17′57.9″N 35°4′34.37″E
Drijat
דריג'את
landsby
Drijat2.JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune al-Kasom
Koordinatar 31°17′57.9″N 35°4′34.37″E
Folketal 575 (2007)
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Drijat

Drijat (arabisk دريجات; hebraisk skrift דריג'את), òg kalla Draijat, er ein arabisk landsby nær den israelske byen Arad, mellom Kuseife og Yatirskogen, nord i Negev. I 2007 var folketalet 575.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje innbyggjarane vart Drijat grunnlagd på 1800-talet.[1] Meom som dusinvis av andre arabiske stader i Negevørkenen, vart han ikkje offisielt godkjend som landsby før 2004,[1] så han vart ein del av Abu Basma regionale kommune. Han er den einaste arabiske landsbyen i Negev som ikkje er busett av beduinar. Innbyggjarane avstammer frå ei lang linje av fellahin. Ruinane av ein historisk stad kalla Dargot ligg i Drijat.

I 2009 fekk landsbyen innlagt vatn, men var framleis ikkje knytt til det nasjonale straumnettverket.[1] I 2005 vart han den første byen i verda som vart utstyrt med eit solenergisystem for å gje straum til heile landsbyen, og slik redusere forureining.[2] Den einaste solenergidrivne moskeen i Midtausten ligg òg i landsbyen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Bedouin village gets water hook-up, 5 years after recognition Haaretz, 14. september 2009
  2. Golan, Patricia (12. februar 2006). «Solar Energy Lights Up a Negev Village». Israel 21c. Henta 5. september 2015. 

Flyfoto av Drijat