Al-Kasom regionale kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al-Kasom regionale kommune
regional kommune
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°15′28″N 34°58′26″E
Folketal 20 000  (2013)
Kart
Al-Kasom regionale kommune
31°15′28″ N 34°58′26″ E
Wikimedia Commons: Al-Kasum Regional Council

al-Kasom regionale kommune (hebraisk skrift מועצה אזורית אל קסום, Mo'atza Azorit El Kassum, arabisk المجلس الإقليمي للالسحرية, Majlis Iqlimi al Kasom) er ein av to regional kommunar som vart danna då Abu Basma regionale kommune vart delt i to den 5. november 2012.[1] Denne regionale kommunen ligg nordvest i Negevørkenen i Israel og er busett av Negev-beduinar. ar

Busetnader[endre | endre wikiteksten]

Ein ny skule i al-Sayyid.

al-Kasom regionale kommune består av sju offisielle beduin-landsbyar:

Det samla folketalet er over 20 000 innbyggjarar (2013). Det finst òg titusenvis av «diaspora»-beduinar som bur i uoffisielle landsbyar og derfor ikkje får kommunale tenester. Talet på desse er ukjend.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før opprettinga av Israel, var Negev-beduinar eit delvis nomadisk samfunn som hadde vore gjennom ein prosess for å bli bufaste sidan osmansk styre i regionen. Dei fleste forskarane er samde i at beduinane kom til Negev kring 1800, men det er spor etter dei tidlegare òg.[2]

Under Det britiske mandatet gav ikkje styresmaktene eit lovverk til å avgjere og bevare kven som eigde landområda. For å få orden på dette vart landpolitikken til Israel i stor grad tilpassa dei osmanske landreguleringane frå 1858 som det føregåande lovverket. Dermed nasjonaliserte Israel det meste av Negev ved hjelp av statlege landreguleringar frå 1969.[2]

Israel heldt fram linja for å få fast bustad for Negev-beduinane, som dei osmanske styresmaktene tvinga på dei, og det omfatta først regulering og flytting. I 1950-åra flytta Israel to tredjedelar av Negev-beduinane til eit område som var under krigsrett.[2]

Det neste steget var å opprette sju kommunar spesielt for beduinane med betre levevilkår, skikkeleg infrastruktur og og gode offentelge tenester innan helse og utdanning. Men ikkje alle beduinane gjekk med på å flytte frå telta sine til leilegheitene og husa som staten hadde laga for dei. Kring 60% av beduinane i Israel bur i planlagde landsbyar som Ar'arat an-Naqab, medan resten bur i ulovlege heimar spredd over heile Nord-Negev.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Information for the citizens Arkivert 2013-08-21 ved Wayback Machine., Abu Basma regionale kommune official site (hebraisk)
  2. 2,0 2,1 2,2 Dor Fridman. «About the Negev beduinar». LocalEconomySeminar. Arkivert frå originalen 5. juli 2012. Henta 7. september 2015. 
  3. beduin information, ILA, 2007 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 15. juli 2015, henta 7. september 2015 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]