Aleksander Berkman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aleksander Berkman
Alexander Berkman 2.png
Fødd 21. november 1870
Vilnius
Død

28. juni 1936
Nice

Yrke typograf, skribent, journalist, fredsaktivist, sjølvbiograf
Aleksander Berkman på Commons

Aleksander Berkman (21. november 187028. juni 1936) var ein russisk-amerikansk anarkist og forfattar.

Berkman var fødd i Vilnius i Litauen son av ein jødisk forretningsmann. Han emigrerte til USA frå Russland i 1888 og vart deportert i 1919 frå USA til Russland, som han fór ifrå to år seinare, levde dei siste to tiåra av livet sitt som flyktning i Riga, Stockholm, Berlin, Paris og Nice, der han døydde.

Han hadde i sine 31 år i USA gjort seg kjend som stridbar politisk agitator og vart sedd som eit samfunnsfarleg individ. Drygt helvta av sine år i USA sat Berkman i fengsel; første gongen mellom 1892-1906 etter eit mislykka attentat mot ein bedriftsleiar, andre gongen 1917-1919 for antimilitaristisk propaganda. Han var livskamerat med Emma Goldman, som han delte mykje av lagnaden med.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Farväl Aleck. En anarkists fängelseminnen - Stockholm 1982. Memoarboka sine første 150 sider gjekk som følgjetong i vekebladet Brand 1922-1923. Den amerikanske originalutgåva utkom så tidleg som 1912 og er omsett til tysk, spansk, norsk og jiddisch. Utgivinga av den russiske utgåva vart stoppa av Berkman i sinne over massakren i Kronstadt 1921.
  • The Russian Tragedy - Berlin 1922.
  • The Russian Revolution and the Communist Party - Berlin 1922.
  • The Kronstadt Rebellion - Berlin 1922.
  • The Bolshevik Myth - New York 1925.
  • Letters from Russian Prisons - 1925.
  • What is Communist Anarchism? - 1929.
  • Nowhere at Home - New York 1975. Boka var ein samproduksjon med Emma Goldmann.
  • ABC of Communist Anarchism

Kjelder[endre | endre wikiteksten]