Aleksandr Zavjalov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksandr Zavjalov


Verkeleg namn Александр Александрович Завьялов
Statsborgarskap Russland
Fødd 2. juni 1955 (68 år)
Moskva
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1980, cross-country skiing at the 1984 Winter Olympics – men's 4 x 10 km relay, cross-country skiing at the 1984 Winter Olympics – men's 30 kilometres, Ski-VM 1982

Utmerkingar

Leninordenen, Idrettens mester i Sovjetunionen, Medaljen for utmerket arbeid

Aleksandr Aleksandrovitsj Zavjalov (fødd 2. juni 1955) er ein russisk tidlegare langrennsløpar som tevla for Sovjetunionen. Han vann verdscupen i langrenn i 1981 og 1983 og tok fem medaljar i OL og VM i tida 1980-84; ei gull-, tre sølv- og ein bronsemedalje.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Zavjalov slo gjennom under dei olympiske leikane 1980 i Lake Placid. Han vart fyrst nummer sju på 15 km og tok så bronsemedaljen på femmila. Seinare i sesongen vann han 15 km i Lahti, fire sekundar framom Lars Erik Eriksen.

I 1981 vann Zavjalov verdscupen i langrenn, med 139 poeng kom han to poeng framom Oddvar Brå og 12 poeng framom Ove Aunli på dei neste plassane. Han vann einast eitt av dei ti renna i verdscupen, 15-kilometeren i Ramsau straks føre jul. Elles vart han nummer to bak Aunli på 15 km i La Bresse, og bak Brå på femmila i Holmenkollen. Tredjeplassar i sovjetiske Kavgolovo og i Falun var også viktige i poengstriden med Brå.

Som i Kollen-femmila året før måtte Zavjalov nøye seg med sølv og sjå Brå framom seg på resultatlista på 15 km under Ski-VM 1982 i nettopp Holmenkollen. Få dagar seinare, 25. februar 1982, kom så den legendariske avslutninga av 4 x 10 km stafett der dei to skirennarane kjempa drabeleg og dramatisk om sigeren. Inn mot målområdet ville begge vere i teten då Zavjalov fall og braut eine skistaven til Brå. Etter ein høgdramatisk spurt kom dei jamsides inn mot målseglet der Brå kasta seg over målstreken. Tvekampen enda med at både Noreg og Sovjetunionen vart kåra til vinnarar. Vladimir Nikitin, Aleksandr Batjuk og Jurij Burlakov var dei andre sovjetiske gullmedaljørane.

Zavjalov sikra seg sin andre verdscup-pokal i 1983-sesongen. Han vann tre av dei ti renna i verdscupen og sikra seg totalt 122 poeng, svenske Gunde Svan vann dei to siste renna og enda på 116 poeng.

Under vinterleikane 1984 i Sarajevo tok Zavjalov ein sølvmedalje på 15 km, bak landsmannen Nikolaj Zimjatov. Dei to og førnemnde Batjuk og Nikitin kom så på andreplass i 4 x 10 km stafett, ti sekundar bak Sverige.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1980: Bronsemedalje på OL-femmila i Lake Placid. Vinnar av 15 km i Lahti
  • 1981: Vinnar av 15 km i Ramsau am Dachstein
  • 1982: Sølvmedalje på 15 km og gullmedalje på stafetten under Ski-VM i Oslo
  • 1983: Vinnar av både 15 km i Sarajevo, 30 km i Falun og 15 km i Lahti
  • 1984: Sølvmedaljar på 30 km og 4 x 10 km stafett under Vinter-OL 1984 i Sarajevo

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]