Alexander Horváth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alexander Horváth

Alexander Horváth (1966).jpg

Statsborgarskap Tsjekkoslovakia
Fødd 28. desember 1938
Mošovce
Idrett fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Alexander Horváth (fødd 28. desember 1938) er ein slovakisk tidlegare fotballspelar frå Mošovce som i 1969 var med å vinne cupvinnarcupen for Slovan Bratislava. Han er etnisk ungarar, spelte 26 landskampar for Tsjekkoslovakia.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Midtstopparen Horváth spelte på Dynamo Žilina i dei fem åra 1958-62, tapande cupfinalist i 1961. Sidan var han aktiv på Slovan Bratislava frå 1963 til -70. Med laget frå Bratislava vart han nasjonal cupmeister i 1968. Året etter tok Slovan seg til finalen i cupvinnarcupen 1969. Horváth var kaptein for det slovakiske mannskapet som spelte fin fotball og vann 3-2 mot FC Barcelona. Etter han vart tsjekkoslovakisk seriemeister med Slovan i 1970, flytta Horváth til Belgia og spelte for DC Molenbeek i 1-2 år.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Horváth spelte 26 landskampar i tida 1964-70, skåra 3 mål på landslaget. Det siste målet kom på Ullevål stadion i Oslo 13. mai 1970, då han la på til sluttresultatet 2-0 mot eit tamt norsk lag. Han var lagkaptein i dei siste 10 kampane, avslutta landslagstida med å spele to av dei tre kampane til Tsjekkoslovakia under VM i fotball 1970 i Mexico.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1969 med Slovan Bratislava
  • Tsjekkoslovakisk seriemeister: 1970 med Slovan Bratislava
  • Tsjekkoslovakisk cupmeister: 1968 med Slovan Bratislava

Kjelder[endre | endre wikiteksten]