Alexis Copello

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alexis Copello

Alexis Copello (fødd 12. august 1985) er ein kubansk tresteghoppar som sidan 2017 representerer Aserbajdsjan. Han vann VM-bronsen i øvinga i 2009 og tok sølvmedaljen ved europameisterskapen 2018, begge desse meisterskapane fann stad i Berlin. Copello oppnådde sitt personbeste på 17,68 meter i 2011.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Copello vann i 2009 både ALBA-leikane og Sentral-Amerika/Karibia-meisterskapen, begge tevlingane fann stad i Habana. Same året vart han tredjemann i verdsmeisterskapen i Berlin, einast britiske Phillips Idowu og Portugals Nelson Évora hoppa lengre. Den 17. juli 2011 sette Copello personleg rekord med 17,65 meter ved eit stemne i Avila i Spania. Sju veker seinare vart han fjerdemann i Daegu-VM, før han seint i oktober vann panamerika-leikane.

Frå 2012 var ikkje Copello lengre i stand til å hoppe 17,50 m, slik han hadde vore i fire år. Med bestehopp på litt over 17 meter fekk han ikkje plass i Cuba sine troppar til dei største internasjonale meisterskapane. Frå 2017 representerte han Aserbajdsjan. I ei uvanleg svak trestegtevling under EM 2018 vart han nummer to med moderate 16,93 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]