Phillips Idowu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Phillips Idowu

20090818 Phillips Idowu.jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 30. desember 1978
London
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Phillips Olaosebikan Idowu (fødd 30. desember 1978) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar som tevla i tresteghopp. Han vart verdsmeister i øvinga i 2009 og europameister i 2010.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I sin fyrste store tresteg-finale, under Sommar-OL 2000, enda Idowu på sjetteplass med eit hopp på 17,08 meter. Han kapra ein finaleplass også i friidretts-VM 2001, men stoppa på niandeplass med eit lengstehopp på 16,60 m. Hans store gjennombrot kom då han vann sølvmedaljen ved samveldeleikane 2002. Med eit hopp på 17,68 m sette han personleg rekord, men fann sin overmann i landsmannen Jonathan Edwards.

Ein kneskade sette Idowu utanfor friidrettsarenaen i 2003. Han var tilbake til Sommar-OL 2004, der han hoppa gode 17,33 m i kvalifiseringa. I finalen mislukkast han og fekk ikkje eit einaste godkjent hopp. Ved samveldeleikane 2006 vann han trestegtevlinga med eit hopp på 17,45 m. Han fylgde opp med ein femteplass i EM 2006 i Göteborg, lengstehoppet målte 17,02 m.

I 2007 vann Idowu tresteg innandørs-EM i Birmingham med eit hopp på 17,56 m. Same året kom han på sjetteplass ved friidretts-VM i Osaka, der lengstehoppet målte 17,09. I 2008 vann han innandørs-VM, han gjorde då sitt livs dittil lengste hopp med 17,75 m. Seinare i OL-året tok han sølvmedaljen under Sommar-OL 2008 i Beijing etter å ha hoppa 17,62 m. Nelson Évora nådde fem centimeter lengre og vart olympisk meister.

Rollene vart omsnudd for dei to under VM 2009. Idowu gjorde verdsbeste i øvinga for året med 17,73 meter i finalen og vann gullmedaljen, Évora på sølvplass landa på 17,55 m. Under friidretts-EM 2010 forbetra Idowu sin personlege rekord til 17,81 m og vann gull med 30 cm margin til andremann, Marian Oprea frå Romania. I 2011 strekte han seg til heile 17,77 m under VM i friidrett i Daegu, noko som gav han sølvmedaljen. Christian Taylor frå USA vann med 17,96 m.

Idowu la opp som tresteghoppar etter han ikkje lukkast å nå OL-finalen på heimebane i 2012.

Fotomontasje av Idowu under Sommar-OL 2008

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]