All of My Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«All of My Love»
Song av Destiny Chukunyere
Land Malta
Språk Engelsk
Utgjeve 15. mars 2020
Sjanger Pop, gospel, soul
Lengd 03:00
Selskap Jagged House, Sony Music Sweden
Låtskrivar(ar) Bernarda Brunović, Borislav Milanov, Sebastian Arman, Dag Lundberg, Joacim Persson, Cesár Sampson

«All of My Love» (norsk 'all min kjærleik') er ein gospelinspirert popsong frå 2020 med den maltesiske artisten Destiny Chukunyere. Songen vart vald av kringkastaren PBS til det maltesiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. Songen og ein tilhøyrande musikkvideo vart offentleggjorde 9. mars 2020. Songaren Destiny Chukunyere vart vald til å representere Malta etter at ho vann den andre sesongen av talentkonkurransen X Factor Malta. Songen «All of My Love» vart vald etter X Factor Malta. 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020, og songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.[1]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«All of My Love» er skriven av låtskrivarteamet Bernarda Brunovic, Borislav Milanov, Sebastian Arman, Dag Lundberg, Joacim Persson og Cesár Sampson. Sistnemnde deltok for Austerrike i 2018 og enda på ein tredjeplass, medan Borislav Milanov og Joacim Persson òg skreiv det maltesiske bidraget «Chameleon» i 2019. Milanov står òg bak fleire andre Eurovision-bidrag, òg i 2020: Tysklands «Violent Thing» og Bulgarias «Tears Getting Sober».[2]

Songen skulle ha representert Malta i Eurovision Song Contest 2020, etter at Destiny Chukunyere vann X Factor Malta i februar 2020. Vinnaren av X Factor Malta vart Maltas representant i Eurovision Song Contest. Songen vart vald éin månad etter. I januar 2020 vart Malta trekt til å delta i den fyrste semifinalen tysdag 12. mai. Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlysa Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[3] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Destiny's Eurovision 2020 sings 'All Of My Love' for Malta - Eurovision Song Contest». 9. mars 2020. Henta 9. mars 2020. 
  2. «Destiny - Malta — Rotterdam 2020 - Eurovision Song Contest». Henta 9. mars 2020. 
  3. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.