Alla Pugatsjova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alla Pugatsjova
Alla Pugacheva on Slavianski Bazaar in Vitebsk 02 (cropped).jpg
Fødd15. april 1949 (73 år)
FødestadMoskva
FødenamnАлла Борисовна Пугачёва
AliasБорис Горбонос
OpphavRussland, Kypros
Aktiv1965–
Sjangerpop, russisk pop, popstandardard, progressiv rock, disco, funkrock, new wave, poprock, funk
Instrumentpiano, vokal
Stemmetypemezzosopran
PlateselskapMelodiya, Balkanton, Sojuz, Extraphone, Q112255580, Monolith Records, Pervoye Muzykalnoye Izdatelstvo, Amiga, Victor, Supraphon, Sintez records, United Music Group, Q11869711, Russian Disc, General Records, Moroz Records, Vigma
Verka somskodespelar, singer-songwriter, programleiar, musikkprodusent, komponist, modell, pianist, regissør, arrangementvert, produsent, gründer, songar, lærar, principal director, plateartist
Gift medFilipp Kirkorov, Maxim Galkin, Mykolas Orbakas, Aleksandr Stefanovitsj
BornKristina Orbakajte
PrisarSankt Mesrop Mashtots-ordenen, Folkets kunstner i Sovjetunionen, 2. klasse av Fedrelandets fortjenstorden, 3. klasse av Fedrelandets fortjenstorden, 4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet, Folkekunstner av Den russiske sovjetrepublikk, Æreskunstner i Den russiske sovjetrepublikk, Den russiske føderasjons statspris, Dostlug Order, Through Art – to Peace and Understanding, Folkets kunstner i den armenske sovjetrepublikken, Ordenen for vennskap mellom folkene

Alla Borisovna Pugatsjova (fødd 15. april 1949) er ein russisk songar som har vunne mykje popularitet i og utanfor Russland.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Pugatsjova vart fødd i Moskva i 1949 som dotter av Boris Mikhailovitsj Pugatsjov og Zinaida Arkhipovna (fødd Odegova) Pugatsjova.[1] Ho vart elev ved musikkskule nr. 31 i 1956, og studerte så ved musikkhøgskulen Ippolitov-Ivanov. Ho studerte så ved skule nr. 496, og avslutta studiane sine her i 1964.

I 1966 turnerte Pogatsjova med gruppa Junost' ('Ungdom') i Vest-Sibir. Året etter byrja ho som pianoakkompagnatør ved den statlege sirkusmusikkhøgskulen. Ho song hovduvokal i fleire ulike musikkgrupper, som Novy Elektron, som var del av Lipetsk statlege filharmoniske selskap, i 1966, Moskvitsji i 1971, Oleg Lundstrem si gruppe i 1972–73 og Vesiolyje rebjata i 1974–75. I denne perioden spelte ho også inn songar for ei rekkje filmar.[2]

Pugatsjova i Berlin i 1976.

I 1977 spelte Pugatsjova hovudrolla i musikalfilmen 'Kvinna som syng' (Женщина, которая поёт, Zjenstsjina, kotoraja pojot) i lag med musikkgruppa Ritm. Pugatsjova var med på å skriva filmmusikken, som inkluderte ein ballade med same tittel som filmen. I filmen spelte Pugatsjova ein kjend popsongar som ofra privatlivet sitt for karrieren. Publikum såg på filmen som sjølvbiografisk.[3] Både filmen og musikken vart særs populære, med eit rekordpublikum på 55 millionar.[4] I 1978 vann Pugatsjova rav-nattergalprisen for songen «Vsyo mogut koroli», noko som då tydda at ho automatisk vann Grand Prix ved Intervision Song Contest.[5] Dette var eit sovjetisk alternativ til Eurovision.[6]

I løpet av 1980-talet vitja Pugatsjova ofte Stockholm. Ho hadde fyrst fleire gjesteframføringar på det populære radioprogrammet Galaxen, dirigert av Jacob Dahlin, og var seinare fleire gonger med på fjernsynsprogrammet hans Jacobs Stege. Dahlin og Pugatsjova framførte fleire duettar saman. I Stockholm spelte Pugatsjova inn eit album på engelsk, gjeve ut av World Record Music i Sverige som Watch Out og av Melodija i Sovjetunionen som Alla Pugacheva in Stockholm.

Pugatsjova representerte Russland i Eurovision Song Contest 1997 med songen «Primadonna» og vart der nummer 15 av 25 deltakarar.[7]

Omdøme[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 1970-åra vart Pugatsjova ein av dei mest elska artistane i Russland for sin «klare mezzosopran og evner til å vise genuine kjensler».[8][9]

Den viktigaste tittelen gjeven til Pugatsjova er tittelen «Folkets kunstnar i Sovjetunionen», som var den høgaste utmerkinga ein kunne tildele ein musikk-kunstnar i Sovjetunionen, og som ho vart tildelt i 1991. Medan ho allereie var tildelt dei lægre titlane «Æreskunstnar i Den russiske sovjetrepublikken» og «Folkets kunstnar av Den russiske sovjetrepublikken» i høvesvis 1980 og 1985, var styresmaktene meir nølande til å tildele Pugatsjova den høgste æra, etter som tidlegare fråsegner og handlingar frå hennar side i stor grad var motstridande med synet til kommunistpartiet.[10][11]

15. april 2009, på 60-årsdagen til Pugatsjova, var ho tildelt «Fedrelandets fortenestorden av 3. klasse» av den russiske presidenten Dmitrij Medvedev.[12]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

I 1969 gifta Pugatsjova seg med den litauiske sirkusartisten Mykolas Orbakas og i 1971 fekk dei dottera Kristina Orbakaitė, som også er ein populær songar.[13] Etter fire års ekteskap skilde Pugatsjova seg frå Orbakas i 1973. I 1976 gifta Pugatsjova seg med filmregissøren Aleksandr Stefanovitsj og spelte hovudrolla i fleire av filmane hans. I 1980 braut dei ekteskapet.

I 1985 gifta Pugatsjova seg med produsenten Jevgenij Boldin, som ho tidlegare hadde hatt profesjonelle samarbeid med. I løpet av ekteskapet med Boldin, hadde ho ein profesjonell og romantisk relasjon med den unge musikaren og songaren Vladimir Kuzmin. I 1993 skilde ho seg frå Jevgenij Boldin og uttala at deira profesjonelle liv påverka deira personlege liv for mykje.

I 1994 gifta Pugatsjova seg med popsongaren Filipp Kirkorov. I november 2005 vart det annonsert at dei skulle skilje seg.

23. desember 2011 gifta Alla Pugatsjova seg med komikaren og programleiaren Maksim Galkin.[14] 23. september 2013 vart paret biologiske foreldre til tvillingane Jelizaveta og Harry. Borna fekk dei ved hjelp av ei surrogatmor.[15][16][17]

Kommentarar om krigen i Ukraina[endre | endre wikiteksten]

I mars 2014 skreiv Pugatsjova under på eit opprop mot forfølginga av Andrej Makarevitsj, som protesterte mot den russiske annekteringa av Krimhalvøya og krigen i Donbas.[18]

I mars 2022 drog Pugatsjova og Galkin frå Russland til Israel etter at Russland invaderte Ukraina.[19] I august 2022 vende Pugatsjova tilbake til Russland for å «rydda opp rotet og ordna ting».[20] I september 2022 uttalte ho seg mot invasjonen for fyrste gong, etter at ektemannen var blitt erklært som «utanlandsk agent».[21] Med ein post på Instagram sende ho den fyrste sterke politiske meldinga si nokonsinne der ho fordømte krigføringa, forsvarte ektemannen og bad staten om å erklæra henne også som «utanlandsk agent».[22][23]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

President Boris Jeltsin tildeler Pugatsjova medaljen for 2. klasse av Fedrelandets fortenestorden 15. april 1999.
President Dmitrij Medvedev tildeler Pugatsjova medaljen for 2. klasse av Fedrelandets fortenestorden på hennar 60-årsdag.

Ordenar[endre | endre wikiteksten]

  • Orden for Service II.png 2. klasse av Fedrelandets fortenestorden (15. april 1999)
  • Orden for Service III.png 3. klasse av Fedrelandets fortenestorden (15. april 2009)
  • AZ Dostlug Order ribbon-2.png Dostluq-ordenen (Aserbajdsjan, 4. september 2009)
  • Ribbon bar of order of St. Mesrop Mashtoc.png Sankt Mesrop Mashtots-ordenen (Armenia, 26. september 2009)
  • Orden for Service IV.png 4. klasse av Fedrelandets fortenestorden (17. april 2014)

Titlar[endre | endre wikiteksten]

  • Folkets kunstnar i Sovjetunionen (20. desember 1991)
  • Folkets kunstnar av Den russiske sovjetrepublikken (1985)
  • Æreskunstnar i Den russiske sovjetrepublikken (1980)
  • Æresborgar av byen Makhatsjkala (2006)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

  • Den russiske føderasjons statspris (7. juni 1995) – For framifrå bidrag til utviklinga av kunst og litteratur.
  • Gjennom kunst – mot fred og forståing (7. juli 2006)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Zerkalo dusji (1976)
  • Arlekino i drugije (1979)
  • Podnimis nad sujetoj! (1979)
  • To li jesjtsjo budet ... (1980)
  • Kak trevozjen etot put (1982)
  • Ah, kak khotsjetsia zjit (1985)
  • Watch out (1985)
  • …Stsjastja v litsjnoj zjizni! (1986)
  • Prisjla i govorju (1987)

  • Alla (1990)
  • Rozjdestvenskije vstretsji I (1991)
  • Rozjdestvenskije vstretsji II (1992)
  • Ne delajte mne bolno, gospoda (1995)
  • Da! (1998)
  • Retsjnoj tramvajtsjik (2001)
  • Zjivi spokojno, strana! (2003)
  • Priglasjenije na zakat (2008)

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • Zjensjtsjina, kotoraja pojot (1978)
  • Pena (1979)
  • Ljubovju za ljubov (1983)
  • Prisjla i govorju (1985)
  • Kak stat zvezdoj (1986)
  • Sezon tsjudes (1985)

  • Dzjulija (1992)
  • Staryje pesni o glavnom 2 (1995)
  • Staryje pesni o glavnom 3 (1998)
  • Za dvumja zajtsami (2004)
  • Korolevstvo krivykh zerkal (2007)
  • Sjtsjelkuntsjik i Krysinyj Korol (2010)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Alla Pugacheva Arkivert 16. februar 2017 ved Wayback Machine.. IMDb. Henta 27. juni 2010.
  2. Collection of her songs from movies Arkivert 11. mars 2005 ved Wayback Machine., russiandvd.com. Retrieved 10 October 2013.
  3. «Женщина, которая поет»: кто такой Борис Горбонос? ["The Woman Who Sings": Who Is Boris Gorbonos?]. volgograd-trv.ru (på russisk). 17. april 2009. Arkivert frå originalen 5. desember 2011. Henta 22. mai 2009. 
  4. Лидеры проката [Top bill]. Kinokultura.com (på russisk). Arkivert frå originalen 10. mai 2012. Henta 22. mai 2009. 
  5. Międzynarodowy Festiwal Piosenki Polskiej- Sopot Festival Arkivert 2. januar 2007 ved Wayback Machine., pesnyagoda.by.ru. Henta 17. mai 2015.Mal:In lang
  6. «USSR's Alla Pugacheva sings Vsyo Mogut Koroli». BBC News (på engelsk). 
  7. http://www.eurovision.tv/page/history/by-year/contest?event=312
  8. Alla Pugacheva biography ARTISTdirect.com
  9. :ВРЕМЯ Z" – журнал для интеллектуальной элиты общества [Time Z – Journal for the intellectual elite of the society] (på russisk). 13. november 2006. Arkivert frå originalen 2009-02-14. Henta 23. mai 2009. 
  10. Alla Pugacheva biography, artistdirect.com. Henta 17. mai 2015.
  11. Profile Arkivert 8. juni 2015 ved Wayback Machine., intermedia.ru. Retrieved 8. juni 2015.
  12. Указ Президента Российской Федерации от 8 апреля 2009 года № 358 «О награждении орденом „За заслуги перед Отечеством“ III степени Пугачевой А. Б.»
  13. Celebrity and Glamour in Contemporary Russia: Shocking Chic
  14. «Алла Пугачева и Максим Галкин поженились (ФОТО)». Mail.ru. 26. desember 2011. Henta 28 December 2011. 
  15. «Pugacheva about Tymoshenko». UNIAN. 6. mars 2009. Henta 6. mars 2009. 
  16. «Yulia Tymoshenko sang a song for Alla Pugacheva». Ukrainian Independent Information Agency. 24. april 2009. Henta 24. april 2009. 
  17. Дети Аллы Пугачевой и Максима Галкина отметят день рождения в садике [Pugacheva and Galkin will celebrate Birthday in nursery]. Starhit (på russisk). Henta 13. juli 2017. [daud lenkje]
  18. Pugachev and other leaders are asked to stop harassment by Makarevich Crimea Arkivert 11. september 2016 ved Wayback Machine., Ukrajinska Pravda (28. mars 2014)
  19. «Russian Megastars Alla Pugacheva, Maxim Galkin Flee to Israel». Haaretz. 24. mars 2022. Arkivert frå originalen 24. mars 2022. Henta 24. mars 2022. 
  20. «Вернувшаяся в Россию Пугачева пообещала "наводить порядок"» [Returning to Russia, Pugacheva promised to “put things in order”]. RIA Novosti (på russisk). 27. august 2022. Arkivert frå originalen 28. august 2022. Henta 28. august 2022. 
  21. Troianovski, Anton (18. september 2022). «Russian Pop Music Icon Comes Out Against the War in Ukraine». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Arkivert frå originalen 18. september 2022. Henta 18. september 2022. 
  22. «Ukraine war: Russian pop megastar Alla Pugacheva condemns conflict». BBC News (på engelsk). 18. september 2022. 
  23. Tarasova, Darya (19. september 2022), «Russian pop legend speaks out against war in Ukraine», CNN (på engelsk), henta 20. september 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Alla Pugatsjova