Allkunne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Allkunne.no)
Hopp til navigering Hopp til søk

Allkunne var eit nynorsk nettleksikon, drive av Allkunne AS. Oppslagsverket vart offisielt opna 20. oktober 2009, med eit omfang på rundt 850 artiklar.[1] I 2019 var Per Magnus Finnanger Sandsmark ansvarleg redaktør og Stina Aasen Lødemel redaktør og leiar av redaksjonen, og Allkunne hadde eit omfang på 25000 artiklar.[2] Drifta av leksikonet blei avvikla frå 1. januar 2021.

Kort historikk[endre | endre wikiteksten]

Den første hovudredaktøren for Allkunne var Ottar Grepstad, og Eirik Helleve var dagleg leiar fram til 2010, då Audhild Gregoriusdotter Rotevatn vart tilsett som ny dagleg leiar.[3]

Frå og med oktober 2011 har Allkunne også inkludert tekstar tidlegare publisert i Caplex.[4] Frå og med februar 2015 inkluderte Allkunne også artiklane i det tidlegare Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane, som vart skrive av NRK Sogn og Fjordane (ved Ottar Starheim og Kjell Arvid Stølen).[5]

Leksikonet nytta ei digital plattform utvikla for Store Norske Leksikon. Verksemda hadde kontor på Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Sommaren 2020 kjøpte Store norske leksikon Allkunne, med føremål å integrere delar av leksikoninnhaldet på eigen platform.[6] Den 1. januar 2021 var Allkunne avvikla, men nettstaden allkunne.no blir tilgjengeleg fram til avviklingsfasen er avslutta og artiklane som skal over i Store norske leksikon, ca. 3000 artiklar, er ferdig integrert der.[7]

Allkunne AS[endre | endre wikiteksten]

Allkunne AS var eit aksjeselskap som hadde som oppgåve å drive oppslagsverket Allkunne.

Selskapet var skipa av Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum, med Arild Thorbjørnsen som styreleiar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. I følgje Tove Lie, direktør i Samlaget, i NPK-melding referert i Dag og Tid 23.10.2009.
  2. «Om Allkunne - Allkunne», www.allkunne.no (på norsk), henta 12. oktober 2021 
  3. Aasentunet
  4. «Allkunne og Caplex - Allkunne», www.allkunne.no (på norsk), henta 12. oktober 2021 
  5. «Om Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane - Allkunne», www.allkunne.no (på norsk), henta 12. oktober 2021 
  6. «Allkunne i Store norske leksikon», Om Store norske leksikon (på norsk bokmål), henta 12. oktober 2021 
  7. Informasjon om avvikling av Allkunne og samarbeid med SNL informasjon på allkunne.no, 2. november 2020, henta 10. oktober 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]